Innhav
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Middelhavet er eit kjend innhav eller middelhav.
Eit innhav eller middelhav er eit mindre havområde som er nesten fullstendig omgitt av land. Namnet kan òg brukast om særs store innsjøar. Innhav er forbunde med andre hav gjennom smale sund. Sidan det er ei grense for kor mykje vatn som kan gå gjennom desse, er samansettinga av vatnet i innhava ofte forskjellig frå vatnet me finn i storhava. Til dømes består Austersjøen hovudsakleg av brakkvatn, på grunn av stor tilførsel av ferskvatn.
Omgrepet vert òg nytta om særs store innsjøar.
Døme på innhav:
Omgrepet middelhav vert òg nytta. Ein skil mellom interkontinentale middelhav (mellom kontinenta) og intrakontinentale middelhav (inne i kontinenta).
Interkontinentale middelhav er:
- Det arktiske middelhavet (Polhavet)
- Det austral-asiatiske middelhavet
- Det amerikanske middelhavet (Det karibiske havet og Mexicogolfen)
- Det europeiske middelhavet (Middelhavet).
Dei intrakontinentale middelhava er mindre
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «middelhav»