Institut Narodov Severa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Institut Narodov Severa (Instuttet for dei nordlege folka, INS) var eit forskingsinstitutt basert i Leningrad, som hadde som oppgåve å arbeide med spørsmål knytt til dei såkalla nordlege folka i Sovjetunionen. Eit sentralt namn var V.G. Bogoraz-Tan.

Instituttet vart danna i 1930, etter at språka til folka i dei nordlege områda fire år tidlegare hadde vorte gjort til eit eige studieemne ved Instituttet for Austlege Studium ved Universitetet i Leningrad. I slutten av 1929 arbeidde lærarane for dei nordlege språka ved INS i fellesskap ut eit «Felles nordleg alfabet» («Edinyj severnyj alfavit»). Alfabetet var latinskbasert, og bestod av 32 bokstavar og eit sett med diakritiske teikn. Av praktiske (typografiske) grunnar gjekk dei likevel bort frå dei diakritiske teikna, og eit år seinare hadde dei eit nytt framlegg ferdig. 13. desember 1930 presenterte Presidiumet i den Vitskapleg-undersøkande Assosisjonen ved INS eit framlegg om eit nordleg alfabet i det Vitskaplege Rådet i VCK NA (Vsesojuznogo Centalnogo Komiteta Novogo Alfavita). Framlegget vart diskutert i same organ den 18. desember, godkjent 23.februar 1931, og endeleg godkjent av den vitskaplege sektoren ved Narkompros i mai same år.

Framlegget bestod av 39 bokstavar, 29 for konsonantar og 10 for vokalar. I tillegg kom diakritiske merke for palatalisering, lengde og [aspirasjon] (pridyxanija).

Eit intensivt og planmessig publiseringsarbeid tok til umiddelbart etter den formelle godkjenninga. I perioden 1939-1949 arbeidde det ca. 300 spesialistar ved INS.

Den endelege utarbeidinga av retningslinjer for danninga av ei litterær offentlegheit for folka i nord kom på den første allrussiske konferansen for utvikling av språk og skriftlegheit for folka i nord. Deltakarar på konferansen (som vart halden på INS i Leningrad) var representantar for Narkompros, Komitet Severa v/Presidium VCIK, CK Novogo Alfavita SSSR i RSFSR, og forlaget Učpedgiz. I sjølve arbeidet på konferansen deltok representantar for dei nasjonale nordlege okrugane, for dei lokale Nordlege Komiteane, for CK VLKSM, for det sovjetiske vitskapsakademiet, for Leningrads historisk-lingvistiske institutt, og for den nordlege avdelinga ved Herzen-instituttet. Det førebuande arbeidet vart gjort ved INS.

Konferansen vedtok å utarbeide skriftspråk for til saman 16 språk, og å ha bøker klare til 15-årsjubileet for revolusjonen:

Bøkene som vart planlagt var ABC-bøker, matematikkbøker. Det første arbeidet ut over ortografi var dermed terminologi for desse områda.

INS etter andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

INS heldt fram i den opphavlege forma frå 1930 til 1941. I 1942-1945 heldt arbeidet fram i Omsk, før det i 1945 var attende i Leningrad, som ein del av Det Austlege Fakultetet ved universitetet i Leningrad. Frå og med 1948 var det ein del av Herzen-universitetet, noko det har halde fram med å vere til i dag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Al'kor (Koškin), Ja.P. 1932: Pis'mennost' narodov Severa, izd. Instituta narodov Severa. L. I:A.
  • Cincius, V.I. 1956: Razvitie pis'mennosti i literatury narodov Severa za 25 let. Sbornik "V pomošč' učitelju škol Krajnego Severa." Učpedgiz, L. No 6.
  • Cincius, V.I. 1958: Rodnoj jazyk v naçal'nyx školax narodov krajnego severa.
  • Edinyj severnyj alfavit (proekt), Dal'nevostočnoe obščestvo kraevedenija. Etnologičeskja sekcija, izd. Občšestva kraevedenija, Xabarovsk 1930.
  • Isayev, M.I. 1977:National Languages in the USSR: Problems and Solutions. Izdatel’stvo Progress, Moskva.
  • Jazyk i pis'mennost' narodov SSSR. Stenografičeskij otčet I vsesojuznogo plenuma naučnogo soveta VCK NA 15-19 fevralja 1933 g. Izdanie VCK NA. Pod redakciej K.Alaverdova, S.Dimanštejna, D.Korkmasova, A.Nuxrat.