Mansi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mansi
(Манси)
Klassifisering: Uralsk
 ugrisk
Bruk
Tala i: Russland
Område: Khanty-Mansia
Mansitalande i alt: 938[1]
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: kyrillisk
Språkkodar
ISO 639-3: mns

Mansi (tidlegare vogulsk) er eit uralsk språk som blir snakka i den vestlege delen av Sibir i Russland. Det er eit av dei tre språka i den ugrisk språkgruppa. To av desse tre språka, mansi og khanti, blir ofte referert til i lag som den obugriske språkgruppa.

Mansi blir snakka i Khanty-Mansia i Vest-Sibir, langs breidda av Ob og Ob sine sideelver, særleg Sosva og Sygva.

Det er fire ulike mansiske språk, nord-, aust, vest- og sørmansi. Sørmansi døydde ut allereie på slutten av 1800-talet. Vestmansi og austmansi har berre eit par talarar att, slik at det store fleirtalet av talarar snakkar nordmansi. Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart det registrert 938 menneske som snakka mansi. Den etniske gruppa talde 12 300 personar.[1] Etter den sovjetiske folketeljinga i 1989 hadde 3140 mansiar mansi som morsmål mens 252 hadde det som andrespråk. 5232 av mansiane hadde russisk som førstespråk, mens 2788 hadde det som andrespråk (vi ser bort ifrå ei lita feilkjelde for tredjespråkskunnskapar). Dette inneber at 1/3 av mansiane hadde mansi som førstespråk, mens 60 % av mansiane ikkje snakka mansi i det heile. Viss språkskiftet har gått jamt for seg i dei mansiskspråklege områda tyder dette på at det for det meste berre er dei som er over ca. 45 år gamle (dei som vart fødd før den nye assimileringspolitikken under Nikita Khrusjtsjov) som framleis snakkar mansi.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Dei mansiske språka høyrer til det vestsibirske Sprachbundet.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Fonemsystemet i nordmansi (sosvamansi) består av fire korte og fem lange vokalar.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Substantivmorfologi[endre | endre wikiteksten]

Kasussystemet i nordmansi skil mellom substantiv og pronomen. Pronomena har eit dominerande grammatisk system, med nominativ, akkusativ, dativ, ablativ og komitativ, mens substantiva har eit lokalkasusystem med nominativ, lokativ, lativ, ablativ, translativ og instrumentalis, altså med eit system der skilnaden mellom subjektet og objektet ikkje først og fremst blir uttrykt via kasus.

Verbmorfologi[endre | endre wikiteksten]

I mansi kongruerer verbet med subjektet i tre personar og tre tal, og med det bestemte objektet i tre tal, singularis, dualis og pluralis.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på mansi. Rett etter revolusjonen fekk mansi, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk det kyrilliske alfabetet.

Nordmansi er det største mansiske språket, og det einaste som det blir undervist etter i skolen. Tidlegare vart det også publisert ordbøker på austmansi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den dokumenterte språkhistoria for mansi er kort. Det har vist seg vanskeleg å rekonstruere eit ugrisk urspråk.

Forskingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Sentrale namn er Anders Ahlqvist, Matti Liimola, Kálmán, . Til skilnad frå mange andre små uralske språk i Sovjetunionen har mansi vore så heldig å ha ein sentral språkforskar med mansi som morsmål, N.I. Rombaneeva.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Honti, László 1975: System der paradigmatischen Suffixmorpheme des wogulischen Dialektes an der Tawda. Budapest: Akadémiai Kiadó. (Standardverket om sørmansisk)