Internasjonal gotikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Madonnaframstilling i kalkstein frå om lag 1400 frå Stiftskirche Heilig Kreuz, Horb am Neckar i Tyskland.
Le Doute de Joseph (Josefs tvil), frå omlag 1410-1420 av den såkalla Le Maître du Jardin de Paradis de Francfort. Målarstykket syner Josef og den tvilen kan kom i då Maria vart med barn, og er eit døme på framstillingar av folk av dei lågare klassene, ettersom Josef var handverkar. (Musée de l'Œuvre Notre-Dame i Strasbourg).

Internasjonal gotikk, på tysk kalla weicher Stil (den mjuke stilen), er nemninga for ein seingotisk målarkunst- og skulpturstil som utvikla seg og gjorde seg gjeldande på fleire plasser i Sentral- og Vest-Europa på slutten av 1300-talet og på 1400-talet.

Stilen har ein dekorativ karakter, og er kjenneteikna av naturalistisk framstilte motiv, klåre farger, og personar i elegante klede med grasiøse faldar. Dei heilage personane vart soleis framstilte som aristokratar i dyre klede. Men i denne perioden kom òg til skildringar av arbeidande folks kvardag, slik ein kan sjå det i til dømes i somme av månadsbileta i tideboka (bøneboka) Les Très Riches Heures du duc de Berry som eit sidestykke til skildringane av aristokratiets sutlause liv i dei andre månadsbileta.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.