Irene Thomsen Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irene Thomsen Lie

Fødd6. februar 1922
Død2. mars 2017 (95 år)
DødsstadOslo
Verka somskodespelar
EktefelleArne Lie

Irene Thomsen Lie (6. februar 19222. mars 2017)[1] var ein norsk skodespelar. Ho er blant anna kjend for å ha medverka i fleire av produksjonane til NRK Fjernsynsteatret. Ho medverka også i ei rekkje høyrespel i NRK Radio, gjennom ein trettårsperiode som strekte seg frå 1950 til 1982.[2] Blant dei mest kjende og populære høyrespela ho spilte i, var God aften, mitt navn er Cox og Tulutta og Makronelle.

Skodespelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Som barn blei Thomsen med i Inga Bjørnsons Barneteater i Oslo.[3] I 1936 stod ho også på ei profesjonell teaterscene, i ei lita rolle på Det Nye Teateret. Teaterkritikaren Einar Skavlan kommenterte rolleinnsatsen hennar slik: «lille Irene Thomsen er fortrinlig som barnet».[4] I 1936 spelte ho på Centralteatret, i ein komedie der Lillebil Ibsen spelte bestemora hennar og Marie Hedemark hennar mor.[5] Allereie som syttenåring hadde ho ei mindre filmrolle, i De vergeløse, som hadde premiere i 1939.[6][7] Under andre verdskrig var ho ikkje aktiv som skodespelar.[8]

Som vaksen blei Thomsen etter krigen tilsett fyrst ved Komedia Teatret[8], deretter ved Den Nationale Scene i Bergen.[9]Kjell Stormoen tiltredde som teatersjef ved Rogaland Teater i 1951, blei Irene Thomsen ein av dei nye skodespelarane ved teateret.[10][11] Ho var også på turné med Riksteatret.

Thomsen hadde ei mindre rolle i spelefilmen De kalte ham Skarven, som hadde premiere i 1965 – den kvinnelege hovudrolla i denne filmen blei spelt av Liv Ullmann.[12] Thomsen var også med i spelefilmen Broder Gabrielsen (1966), og i Min Marion (1975)[12]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Thomsen gifta seg i 1955 med skodespelarkollegaen Arne Lie (1921–1982).[13]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Irene Thomsen Lie (dødsannonse)». jolstad.vareminnesider.no. Henta 31. januar 2024. 
  2. «Person: Irene Thomsen». Hørespilldatabase (på norsk bokmål). Henta 25. januar 2024. 
  3. Bjørnson, Inga (1950). 30 år med barneteatret. s. 27. 
  4. Skavlan, Einar (1960). «Larsen eller melodien som ble vekk, av Kjeld Abell, på Det nye teater 1936». Norsk teater 1930-1953. Aschehoug. s. 69–70. 
  5. Gjesdahl, Paul (1964). Centralteatrets historie. Gyldendal. s. 208. 
  6. Bech, Leif-Erik (1939). Norsk filmregister 1939. Norsk filmblads forlag. s. 141. 
  7. «De vergeløse». Norsk film gjennom 35 år. Centralforlaget. 1943. 
  8. 8,0 8,1 Nygaard, Knut (1977). Den nationale scene 1931-1976. Gyldendal. ISBN 8205108277. 
  9. «Lie, Arne». Norske skuespillerportretter. [Bokcentralen]. 1969. 
  10. Stahl, Knut (1957). Rogaland Teater i 10 år. Dreyer. s. 20–21. 
  11. Det lille teater. Dreyer. 1977. s. 18. ISBN 8270960438. 
  12. 12,0 12,1 Register over norske langfilmer 1908-1.4.1990. Norsk filminstitutt. 1990. 
  13. «Lie, Arne». Filmens stjerner. Chr. Schibsted. 1957.