Isabel Allende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isabel Allende, Barcelona, 2008

Isabel Allende (fødd 2. august 1942) er ein chilensk forfattar. Ho vart fødd i Lima i Peru som dotter av diplomaten Tomás Allende, som var bror av den seinare presidenten i Chile, Salvador Allende. I 1945 vart foreldra hennar separerte, og mora flytta til Chilemed dei tre ungane sine, der dei budde til 1953.

Seinare flytta familien til Bolivia, og deretter til Libanon. I Bolivia gjekk Allende på ein amerikansk privatskule, og i Libanon på ein britisk privatskule i Beirut. Ho returnerte til Chile i 1958 for å gjere ferdig gymnasiet, og møtte der den framtidige ektemannen sin, Miguel Frías, som ho gifta seg med i 1962.

Frå 1959 til 1965 arbeidde Allende ved FN sin mat- og landbruksorganisasjon i Santiago, seinare i Brussel i Belgia og andre stader i Europa. Dottera hennar, Paula vart fødd i 1963. I 1966 returnerte Allende til Chile, og sonen hennar, Nicolás vart fødd der same år.

Ho høyrde til redaksjonen i magasinet «Paula» frå 1967, og frå 1973 til 1974 barnemagasinet «Mampato». Ho publiserte to barnehistorier, La abuela Panchita og Lauchas y Lauchones, samt ei artikkelsamling som vart kalla Civilice a su troglodita. Ho arbeidde òg i chilensk fjernsynsproduksjon for kanalane 7 og 13.

I 1973 hadde skodespelet til Allende, El embajador premiere i Santiago. Same år (11. september) vart onkelen hennar styrta og drepen i eit valdeleg kupp leia av Augusto Pinochet. I 1975 drog Allende i eksil i Venezuela. Der arbeidde ho for avisa «El Nacional» i Caracas og som gymnaslærar.

I 1981 vart ho kjend med at bestefar hennar, som var 99 år gammal, låg på dødsleiet sitt. Ho byrja å skrive eit brev til han som seinare utvikla seg til romanen La casa de los espíritus (Åndenes hus). Boka var ein enorm suksess og vart filmatisert av Bille August i 1993.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]