Isak Saba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isak Saba (1906)

Isak Mikal Saba (15. november 18751. juni 1921) var ein lærar og politikar frå Nesseby i Finnmark. 11. oktober 1906 vart han den fyrste samen som vart vald inn på Stortinget vald for Arbeiderpartiet.

Saba var son ein av gardbrukar, fiskar og handelsfaktor i Nesseby. Sjølv tok han eksamen ved Tromsø seminar i 1898 og tok straks til som lærar heime i Nesseby. I 1900 avla han i Kristiania eksamen for middelskulen. År 1902-03 las han til artium i Tromsø, grunna pengemangel braut han av studiane. I staden vart han lærar i Lebesby, seinare lærar og kyrkjesongar i Nesseby. Frå 1916 var han lærar i Vardø. Han vart vald inn i heradsstyret i Nesseby, der han var varaordførar 1907-10 og ordførar 1914-15.

Periodane 1906-09 og 1910-12 representerte Saba krinsen Øst-Finmarken på Stortinget, vald på Arbeidarpartiet sitt program. Det siste valet vart fyrst forkasta med 73 røyster med 34, ved nytt val 10. april vann Saba atter ein gong og tok sete i Stortinget den 27. april. I den fyrste perioden var han medlem av vegkomiteen, i den siste av næringskomite nr 1.

Saba arbeidde heile sitt vaksne liv for samane si sak. Mellom anna samla han inn samiske songar og folkemelodiar. Han deltok i arkeologiske utgravingar og var ein aktiv skribent. I 1906 skreiv han teksta til «Sámi soga lávlla». Denne songen vedtok Samekonferansen i 1986 skulle vere samane sin nasjonalsong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]