Isola di San Pietro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Pietro
Strand på sørsida av øya
Strand på sørsida av øya
Geografi
Isola di San Pietro is located in Italia
Stad Middelhavet
Koordinatar 39°08′44″N 08°18′21″EKoordinatar: 39°08′44″N 08°18′21″E
Areal 51 km²
Høgaste punkt Gauardia di Mori (211 moh.)
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sardinia
Carbonia-Iglesias
Største busetnad Carloforte
Demografi
Folketal 6 488 (2005)
Folketettleik 127 /km²

San Pietro er ei øy sørvest for Sardinia i provinsen Carbonia Iglesias i Italia. Ho har eit areal på 51 km² og har om lag 6 600 innbyggjarar, der halvparten bur i byen Carloforte. Frå her er det ferjesamband til Portovesme på Sardinia og til Calasetta på naboøya Sant'Antioco.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya er kjend heilt frå fønikisk tid, og det finst restar av nuragher på øya. Namnet på øya kjem frå ei segn som seier at St. Peter gjekk i land på øya i år 46 på veg til Roma. Fram til midten av 1700-talet var det berre få innbyggjarar på øya, men på denne tida vart ho kolonisert, hovudsakleg av familiar som utvandra frå Ligurien, området omkring Genova, til øya Tabarka ved kysten av Tunisia. Øya vart stadig utsett frå sjørøvarane sine plyndringstokt og innbyggjarane flytta til andre stader. I 1736 grunnla dei derfor byen Carloforte på Isola di San Pietro, kalla opp etter kongen, Carlo Emanuele III, som hadde gjeve dei løyve til å busette seg på øya. Øybuarane snakkar framleis ein liguris, og ikkje ein sardisk dialekt. Hovudnæringa var fiske, særleg etter tunfisk, men denne fangsten er i dag lagt ned.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Øya har bratte klipper mot vest og meir flate område mot aust. Det høgaste punktet er Gauardia di Mori, 211 m.o.h. Plantelivet er prega av maki, og øya er berre i liten grad oppdyrka. Det finst derimot enkelte vinmarker. Øya har eit rikt fugleliv, og på klippene ved Calo Fico ynglar den sjeldne eleonorafalken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]