Eleonorafalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eleonorafalk

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av Johann Friedrich Naumann, public domain
Illustrasjon av Johann Friedrich Naumann, public domain

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Falconiformes
Familie: Falconidae
Slekt: Falco
Art: F. eleonorae
Vitskapleg namn
Falco eleonorae
Gene, 1839

Eleonorafalk (Falco eleonorae) er ein middels stor falk som hekkar på øyar i Middelhavet og på Kanariøyane Han er ein langdistanseflyttfugl med overvintringsområde på Madagaskar. Eleonorafalk er kalla opp etter Eleonor av Arborea, ei nasjonal heltinne av Sardinia.[1]

Eleonorafalk er ein elegant rovfugl, 36-42 cm lang med vengespenn på 87-104 cm. Kroppsforma er som ein liten slank vandrefalk, med lange spisse venger, lang hale og slank kropp. Det er to fargevariantar: Den vaksne, mørke morfen er sotbrun, med svarte dekkfjør på undersida av vengene. Den lyse morfen er meir som ein juvenil lerkefalk, men har gulbrun underside, og viser òg kontrasten mellom dei svarte undersidedekkfjøra og den bleikare basen på vengefjørene. Unge fuglar er òg som ein stor ung, lerkefalk, men den bleike undersida står i kontrast til mørkare vengespissar og vengedekkarar. Ropa er som typisk frå falkar, kek-kek-kek.

Dei fangar store insekt, som til dømes augestikkarar, som blir overført frå klør til nebb og etne i flukt. Han er kolonihekkar på kystnære klipper, og legg opp til fire egg. Denne arten har ein forsinka hekkesesong, på seinsommaren, fordi han er ein spesialist på jakt av trekkfuglar som passerer over middelhavsøyane på denne tida av året. Han fangar småfuglar i flukt, ved hjelp av fart og akrobatiske dugleikar. Fuglane nyttar mykje tid på patruljering av kysten med jamne vengeslag for å sjå etter slitne, innkomande trekkfuglar.[2]

Denne arten hekkar på øyar i Middelhavet, spesielt i Hellas, der to tredelar av verdspopulasjonen hekkar, og ca. ti prosent av populasjonen på Tilos i Dodekanesane.[3] Men denne falken hekkar òg på øyar utanfor Spania, Italia, Kroatia, Marokko og Algerie. Ein liten bestand hekkar på Kanariøyene.[4]

Trekkruta frå Balearane i vestlege Middelhavet til Madagaskar har nyleg blitt kartlagt med satellittelemetri. Ho går over innlandet gjennom det afrikanske kontinentet og over Sahara, over regnskogar ved ekvator fram til Tanzania og Mosambik. Den totale flygedistansen har nådd opp til 9000 km for ein einskild, enveis tur.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «NationMaster - Encyclopedia: Eleanor of Arborea». http://www.nationmaster.com/encyclopedia/Eleanor-of-Arborea. Henta 2. oktober 2011. 
  2. Walter, Hartmut 1979, Eleonora's Falcon: Adaptations to Prey and Habitat in a Social Raptor. University Of Chicago Press Wildlife Behavior and Ecology series, Chicago. ISBN 0-226-87229-7
  3. Tilos Park Journal, januar 2006, 1. utgåve
  4. Marta López-Darias & Beatriz Rumeu Status and population trend of Eleonora’s Falcon in the Canary Islands, Ornis Fennica 87:35–40. 2010
  5. López-López, P., Limiñana, R. & Urios, V., 2009: Autumn migration of Eleonora’s falcon Falco eleonorae tracked by satellite telemetry Zoological Studies 48(4)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eleonorafalk