Iver Hole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iver Hole
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. desember 1944 (79 år)
Idrett friidrett

Iver Hole (fødd 26. desember 1944) er ein norsk skulemann og tidlegare idrettsutøvar frå Spikkestad i Akershus. Han var norsk rekordhaldar i diskoskasting frå august 1970 til september 1971. Åra 1968-75 deltok han i 12 landskampar. Hole var i alle år medlem i IK Tjalve.

Hole kasta diskosen 50,40 meter i 1966. To år seinare flytta han den personlege rekorden til 51,30 m. Etter å ha forbetra seg seg til 53,10 m sommaren 1970, nådde han sensasjonelle 59,54 meter i Malmö den 11. august. Under særleg gunstige kast-tilhøve vart han andremann i eit stemne der Ricky Bruch sigra med 65,75 m. I det same stemnet sette Tormod Lislerud norsk rekord med 57,18 m, før Hole kom med sitt rekordkast. Lislerud tok over som norsk rekordhaldar i september 1971.

På 1980-talet var Hole trenaren til Jorunn Tangen, som han vart gift med i 1987. Seinare trente han også Mette Bergmann.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Hole var lærar ved Spikkestad ungdomsskole frå 1966. Frå 1983 til han gjekk av med pensjon i 2014 var han rektor ved Slemmestad ungdomsskole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]