Júcar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Júcar
Júcar renn gjennom Cuenca
Júcar renn gjennom Cuenca
Utspring Universalesfjella
- Høgd 1700 moh
Munning Valenciabukta
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania
Lengd 497,5 km
Middelvassføring 49,22 m³/s
Nedslagsfelt 21 578,50 km²
Júcar - Plasseringa til Júcar
Plasseringa til Júcar

Júcar (katalansk Xúquer) er ei elv i Spania. Ho er om lag 497,5 km lang og renn frå Universalesfjella til Cullera, der ho munnar ut i Middelhavet i Valenciabukta.

Elva renn gjennom byane Cuenca, Alcalá del Júcar, Cofrentes, Alzira, Sueca og Cullera.

Cabriel er den viktigaste sideelva. I 1982 braut Júcar gjennom Tousdammen og skapte den største flaumen i spansk historie då meir enn 16 000 m³/s med vatn raste ut av reservoaret og meir enn 30 menneske miste livet. Flaumen vart kalla «La pantanada de Tous»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 39°10′22.28″N 0°17′41.07″W