Cuenca i Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cuenca
Flagget til Cuenca Byvåpenet til Cuenca
Flagget til Cuenca Byvåpenet til Cuenca


Plassering
Cuenca i Spania is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Castilla-La Mancha
Provins Cuenca
Borgarmeister Francisco Javier Pulido
Geografi
Flatevidd
 - By

911,06 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

54 600
  59,9 /km²
Koordinatar 40°4′0″N 2°9′0″WKoordinatar: 40°4′0″N 2°9′0″W
Høgd over havet 946 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 16000
Nettstad: www.cuenca.es

Cuenca er ein by i den autonome regionen Castilla-La Mancha sentralt i Spania. Han er provinshovudstaden i provinsen Cuenca som er ein av dei største provinsane i Spania, ut frå areal, nesten like stor som landa Slovenia eller Montenegro.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Casas Colgadas i Cuenca

Då dei muslimske arabarane erobra området der Cuenca ligg i 714, skjønte dei raskt den strategiske verdien til staden og bygde festninga Kunka mellom to kløfter mellom elvane Júcar og Huécar, omgjeve av ein kilometer lang mur. Cuenca vart raskt ein jordbruks- og tekstilby og nøyt aukande velstand.

Rundt 1100-talet starta dei kristne, som heldt til nord i Spania under den muslimske tida, gradvis å vinne attende Den iberiske halvøya. Castilla tok over dei vestlege og sentrale områda av Spania, medan Aragón tok kystområda ved Middelhavet. Cuenca var ein del av taifaen Toledo. I 1076 vart han omleira av Sancho Ramírez frå Aragon, men ikkje erobra. I 1080 mista kong Yahya al-Qadir av Toledo taifaen sin og vesiren hans signerte i Cuenca ein avtale med Alfonso VI av León og Castilla der han gav frå seg nokre festninga i byte mot militær støtte.

Etter at Alfonso vart slått i slaget ved Sagrajas (1086) vart Cuenca erobra av kongen av Sevilla, Al-Mu'tamid ibn Abbad. Landområda hans vart igjen angripe av almoravidane, og han sende svigerdotter si Zaida til Alfonso, og tilbaud han Cuenca i byte mot militær støtte. Dei første kristne troppane gjekk inn i byen i 1093. Almoravidane erobra han likevel i 1108. Guvernøren deira i byen erklærte byen sjølvstendig i 1144, etterfølgd av heile Murcia året etter. I 1147 vart Muhammad ibn Mardanis vald til konge av Cuenca, Murcia og Valencia. Han måtte forsvare landområda sine mot almohadane fram til han døydde i 1172. Sonen hans signerte då ein avtale med nykomarane. Den 17 år gamle Alfonso VIII av Castilla prøvde å erobre byen, men etter ei fem månader lang omleiring, måtte han trekkje seg attende etter at almohad-kalifen Abu Yaqub Yusuf hadde sendt troppar hit. Alfonso signerte ein sju år lang våpenkvileavtale, men då innbyggjarane i Cuenca okkuperte nokre kristne landområde i Huete og Uclés, blanda Alfonso seg inn i koalisjonen med Ferdinand II av León, Alfonso II av Aragon og dei militære ordnane Calatrava, Santiago og Montegaudio. Dei omleira Cuenca i fleire månader frå 1177. Kommandøren i byen, Abu Bakr, bad om støtte hos Yaqub Yusuf, som var i Afrika og derfor ikkje sendte noko støtte. Etter at Cuenca prøvde å angripe den kristne leiren den 27. juli, vart byen til slutt erobra av troppane til Alfonso den 21. september 1177, medan den muslimske garnisonen søkte tilflukt i citadellen. Denne fall i oktober, og arabarane vart driven ut av Cuenca. Alfonso VIII gav byen byrettar. I 1183 vart bispedømet Cuenca oppretta.

Dei neste hundreåra var velståande for Cuenca, på grunn av tekstilindustrien og kvegoppdrett. På denne tida vart domkyrkja i byen bygd, i anglo-normannisk stil med mange franske arbeidarar, sidan kona til Alfonso VIII, Leonor de Plantagenet, var fransk.

På 1700-talet gjekk det nedover med tekstilindustrien, særleg då Karl IV forbaud denne aktiviteten i Cuenca for å hindre konkurranse med Real Fábrica de Tapices, og dei økonomiske tilhøva i byen gjekk dårlegare. Under den spanske sjølvstendekrigen mot troppane til Napoleon, vart byen stygt skadd og dette gjorde krisa enno verre. Byen mista innbyggjarar og før jernbanen kom hit på 1800-talet vart det berre rundt 6000 att. Jernbanen og tømmerindustrien gjorde at folketalet auka. I 1874, under den tredje karlistkrigen vart Cuenca teken av karlistane og vart hardt råka.

I 1902 kollapsa tårnet på Giraldo-katedralen. Han vart bygd opp att av Vicente Lámperez med to nye tvillingtårn.

Dei første tiåra av 1900-talet var turbulente som i andre regionar i Spania. Det var fattigdom på landsbygda og den katolske kyrkja vart angripe og munkar, nonner, prestar og ein biskop i Cuenca vart drepne. Under den spanske borgarkrigen vart Cuenca på republikanarane si side. Han vart erobra i 1938 av troppane til General Franco. I etterkrigstida vart området ekstremt fattig og mange flytta til meir velståande område, hovudsakleg Baskarland og Catalonia, men òg til fleire andre land, som Tyskland. Byen starta å kome seg att i 1960- og 1970-åra.

Dei siste åra har byen hatt moderat vekst, både i folketal og økonomi, særleg på grunn av auka turisme og betre vegtilhøve og togsamband. Cuenca har ei sterk kulturarv og vart derfor erklært ein verdsarvstad i 1996. Fleire av dei gamle klostra og andre religiøse bygg i og kring gamlebyen har vorte sett i stand og ombygd til hotell. Det mest kjende av desse er San Pablo-klosteret, som har vore hotell i Paradores de Turismo de España, eit selskap som driv ei rad hotell i slott, og andre historiske praktbygg i Spania.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cuenca i Spania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]