JW Marriott Absheron Baku Hotel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

JW Marriott Absheron Baku Hotel er eit skyskraparhotell i Baku i Aserbajdsjan. Hotellet vart skipa i 1985. Det originale hotellet hadde 343 rom fordelt på 16 etasjar. Hotellet vart kjøpt og restaurert av JW Marriot i 2009 med 243 rom fordelt på 20 etasjar.

Mogleg terrormål [endre]

Sikkerhetsdepartementet i Aserbajdsjan hevda etter finalen i Eurovision Song Contest 2012 at dei hadde avverga eit mogleg terroråtak på Bakı Kristal Zalı, arenaen der Eurovision Song Contest 2012 vart arrangert, då dei arresterte om lag 40 personar i Aserbajdsjan. Under arrestasjonen vart éin person drepen. I tillegg til arenaen var òg politibygningar, hotell, mellom anna Hilton Baku og JW Marriott Absheron Baku Hotel, moskéer og den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev moglege terrormål.[1][2]

Fotnotar [endre]

Kjelder [endre]