Eurovision Song Contest 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Eurovision Song Contest 2012
Light Your Fire!
Offisiell tittel
57. Eurovision Song Contest
Dato
Semifinale 1 22. mai 2012
Semifinale 2 24. mai 2012
Finalen 26. mai 2012
Vertskap
Stad
Bakı Kristal Zalı i Baku i Aserbajdsjan
Programleiar(ar)
Leyla Əliyeva
Eldar Qasımov
Nərgiz Birk-Petersen
Kringkastar(ar)
İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti
Varigskap
Semifinale 1 21:00 til 23:00 (UTC+2)
Semifinale 2 21:00 til 23:00 (UTC+2)
Finalen 21:00 til 00:15 (UTC+2)
Opningsnummer
Finalen «Running Scared» av Ell & Nikki
Pausenummer
Semifinale 1 Natiq rhythm band
Semifinale 2 «Believe» av Dima Bilan, «Molitva» av Marija Šerifović, «Fairytale» av Alexander Rybak, «Satellite» av Lena og «Waterloo» av Ell & Nikki, Lena, Alexander Rybak, Dima Bilan og Marija Šerifović
Finalen «Never Enough» av Emin
Bidrag
Røystesystem
Kvart land gjer 1-8, 10 og 12 poeng til dei 10 favorittbidraga. Favorittbidraga vert bestemd med hjelp av 50 % telefon- og SMS-røystar, samt 50 % juryrøystar frå kvart land.
Antal bidrag
42 land. 26 i finalen (6 direktekvalifisert og 10 frå kvar semifinale). 18 i kvar semifinale
Attende
Montenegro
Trekte seg
Armenia
Polen
Ikkje med
Andorra
Tsjekkia
Luxembourg
Monaco
Marokko
Kart
ESC 2012 Map.svg
██ Deltok

██ Kvalifiserte seg ikkje til finalen ██ Deltok ikkje

ESC 2012 Semi-Finals.svg
██ Deltok i semifinale 1

██ Røysta i semifinale 1 ██ Deltok i semifinale 2 ██ Røysta i semifinale 2

Røysting
Vinnar
Sverige med «Euphoria» av Loreen
Eurovision Song Contest
Düsseldorf 2011 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Malmö 2013

Eurovision Song Contest 2012 (ESC 2012), offisielt 57. Eurovision Song Contest, var den 57. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Bakı Kristal Zalı i Baku i Aserbajdsjan. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 22. mai, den andre semifinalen fann stad torsdag 24. mai og finalen fann stad laurdag 26. mai. Sverige vann tevlinga med songen «Euphoria», framførd på engelsk av Loreen.

Montenegro, som sist deltok i 2009, kom attende i tevlinga. Armenia og Polen trekte seg.

Tevlingsopplegg[endre | endre wikiteksten]

2012 var fyrste gongen Eurovision Song Contest vart halde i eitt land i Kaukasia, og det var fyrste gongen Aserbajdsjan var vertsland. Tevlinga vart halden i hovudstaden Baku. Fram til januar 2012 kunne land som ynskte å deltake melde seg på Eurovision Song Contest eller trekkje seg utan økonomisk straff. Semifinalane vart sende 22. og 24. mai, og finalen 26. mai, ei veke seinare enn tevlinga året før. 25. januar 2012 vart mottoet for Eurovision Song Contest 2012 presentert.

Thomas Schreiber, underhaldningssjef i Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland (ARD), uttrykte i eit intervju med Frankfurter Allgemeine Zeitung at han ville at Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) skal forby alle deltakarlanda å velje artist og bidrag internt. I staden for skal dei halde minst ei nasjonal uttaking. EBU har ikkje gjennomførd dette i 2012, men i eit intervju i Frankrike bekrefta Bruno Berberès, tevlingsansvarleg for Frankrike, at EBU kjem til å forby internt val av song frå og med 2013. Artistar får ein velje internt, men alle fjernsynssjåarar frå kvart land må få sjansen til å velje mellom minst to bidrag. I slutten av desember 2011 vart dette bekrefta av ein talsperson for EBU.

20. juni 2011 treftest leiinga i EBU i Genève for å diskutere vertsby og arena.

İlham Əliyev, presidenten i Aserbajdsjan, gjorde kona si, Mehriban Əliyeva, ansvarleg for Eurovision Song Contest 2012.

Ein nytta ikkje orkester i 2012, på grunn av at det vert for dyrt og fordi det er mange bidrag med, noko som gjorde at det passa betre med førehandsinnspelt musikk.

Vertsby og arena[endre | endre wikiteksten]

16. mai 2011 vart det annonsert at ein spesiell konsertarena, med ein kapasitet på 23 000, skulle byggast i nærleiken av Den nasjonale flaggplassen i Baku. 19. mai 2011 annonserte arrangørane at dei kan nytte Tofiq Bəhramov adına Respublika Stadionu, som har ein kapasitet på 37 000, eller Heydər Əliyev adına İdman Konsert Kompleksi. 4. august 2011 vart det bekrefta at legginga av fundament for Bakı Kristal Zalı hadde starta nær Dövlət Bayrağı Meydanı. Fundamentet vart ferdig 14. oktober 2011. q Bəhramov adına Respublika Stadionu, som er under reparasjon for å vere vertskap for FIFA U-17 VM i september-oktober 2012, var alternativ arena.

8. september 2011 rapporterte Azad Azərbaycan Televiziyası (ATV) at Baku Crystal Hall skulle vere arena for Eurovision Song Contest 2012, men det kom inga formell stadfesting av arrangørane av Eurovision Song Contest. 31. oktober 2011 annonserte Ismayil Omarov, administrerande direktør i den aserbajdsjanske nasjonale kringkastaren İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV) at ei avgjerd om valet av arena skulle takast av styringsgruppa i januar 2012.

Format[endre | endre wikiteksten]

Semifinaletildeling[endre | endre wikiteksten]

Buta Palace under trekkinga av kva for land som skal delta i kvar av dei to semifinalane.
Aserbajdsjan vart trekt ut til å røyste i den fyrste semifinalen.

Trekkinga av kva for land som skal delta i kvar av dei to semifinalane vart halden 25. januar 2012 i Buta Palace i Baku.

Dei deltakande landa, unnateke Aserbajdsjan, Frankrike, Tyskland, Italia, Spania og Storbritannia, vart delt inn i seks grupper, basert på korleis desse landa har røysta i tidlegare tevlingar. Frå desse gruppene vil halvparten, eller så nær halvparten som mogleg, tevle i den fyrste semifinalen 22. mai 2012. Den andre halvparten i den aktuelle gruppa vil tevle i den andre semifinalen 24. mai 2012.

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4 Gruppe 5 Gruppe 6

Terrormål[endre | endre wikiteksten]

Tryggingspartementet i Aserbajdsjan avverga eit mogleg terroråtak på Bakı Kristal Zalı då dei arresterte om lag 40 personar i Aserbajdsjan berre dagar før tevlinga starta. Under arrestasjonen vart éin person drepen. I tillegg til arenaen var òg politibygningar, hotell, mellom anna Hilton Baku og JW Marriott Absheron Baku Hotel, moskéar og den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev moglege terrormål. For å gjennomføre terrorangrepet hadde gruppa fått tak i Eurovision-billettar.[2][3] Dei mistenkte hadde med seg våpen og sprengstoff då dei vart arrestert, og vart skulda for å ha kontaktar med islamistiske opprørarar i Dagestan i Russland.[4]

I 2013 vart tre personar dømt til fengsel av ein aserbajdsjansk domstol for planlegginga av eit terrorangrep mot Eurovision Song Contest. I fylgje eit sitat frå eit rettsdokument vart dei funnen skyldig i «å forsøke å sprengje den israelske ambassaden» på slutten av tevlinga. To av dei tiltalte fekk elleve og tolv år i fengsel. I desember 2012 vart fire andre personar funne skyldig i å ha planlagt eit liknande angrep.[4]

Menneskerettar[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjan investerte stort då dei skulle vere vertsland for tevlinga, noko som vart mykje diskutert i vestlege medium som eit forsøk på å «dempe mistanka om dårleg demokrati og menneskerettar».[5][6] Elnur Majidli, ein aktivist som vart fengsla under den arabiske våren-inspirerte protestar i Aserbajdsjan i 2011, vart frigjeve i eit mogleg forsøk på å mjuke opp bilete ein hadde av Aserbajdsjan i forkant av tevlinga, men mange politiske fangar vart verande.[6]

Human Rights Watch kritiserte òg regjeringa i Aserbajdsjan og Baku By Authority for å utføre tvangsutkastingar mot lokale innbyggjarar, slik at ein kunne rive hus for å byggje Bakı Kristal Zalı.[7]

Anke Engelke skulle lese opp røystene frå Tyskland sa ho, og viste til menneskerettane i Aserbajdsjan: «I natt kunne inga røyste på sitt eige land. Men det er godt å kunne røyste. Lukke til på reisa, Aserbajdsjan. Europa ser dere».[8][9]

Endring av bidrag[endre | endre wikiteksten]

Island[endre | endre wikiteksten]

Songen til Island heit opphavleg «Mundu eftir mér» og hadde tekst på islandsk, men teksten vart endra til engelsk og songen fekk tittelen «Never Forget».

San Marino[endre | endre wikiteksten]

«The lyrics and/or performance of the songs shall not bring the Shows, the ESC as such or the EBU into disrepute. No lyrics, speeches, gestures of a political or similar nature shall be permitted during the ESC. No swearing or other unacceptable language shall be allowed in the lyrics or in the performances of the songs. No commercial messages of any kind shall be allowed. A breach of this rule may result in disqualification.»

EBU-regel 1.2.2.g.

16. mars valte San Marino songen «Facebook, Uh, Oh, Oh (A Satirical Song)» som sitt bidrag til sin artist Valentina Monetta. To dagar seinare, 18. mars, avgjorde Den europeiske kringkastingsunionen at dei skulle diskvalifisere bidraget av di det bryt mot regel 1.2.2.g i regelverket for Eurovision Song Contest. Regelen seier at songen ikkje skal innehalde kommersielle bodskap av noko slag. Den europeiske kringkastingsunionen gav Radiotelevisione della Repubblica di San Marino i oppdrag å skrive om songen eller velje ein ny song til Valentina Monetta innan 23. mars. 22. mars presenterte kringkastaren songen «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» som det nye bidraget til San Marino. Dette var den gamle songen med ny tittel og tekst.

Kviterussland[endre | endre wikiteksten]

Kviterussland hadde opphavleg valt songen «All My Life» av Alena Lanskaja som sitt bidrag. 24. februar 2012 vart det kunngjord at songen vart diskvalifisert etter at den kviterussiske presidenten gjennomførde ei undersøking som førde til at sigeren ikkje var rettferdig. Det var rykte om at produsentane hadde gjord slik at ho skulle få 12 poeng frå sjåarane i den nasjonale uttakinga. For å få svar på påstandane vart det sett i gang ei etterforsking og det vart seinare bekrefta at det var juksa med poenga frå sjåarane. Bidraget vart erstatta av andreplassen frå den nasjonale uttakinga; «We Are the Heroes» av Litesound.

Italia[endre | endre wikiteksten]

Italia hadde fyrst valt ut songen «Per sempre», men dei bytta seinare til songen «L'amore è femmina (Out of Love)».

Den fyrste vinnaren i den sveitsiske uttakinga[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest, Lys Assia, valte å deltake i Die grosse Entscheidungsshow, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Sist ho var med i Eurovision Song Contes var i 1958. Ho var òg med i 1957 og den nasjonale uttakinga til Vest-Tyskland i 1956. Då ho no deltok var ho 85 år gamal. Assia vart valt ut som joker av eit av dei fire kringkastingsselskapa i Sveits som vel kva for bidrag som får vere med. Songen ho deltok med heiter «C'était ma vie», skriven på fransk av Assia sjølv og Ralph Siegel. I finalen 10. desember 2011 fekk ho 5,46 % av telefonrøystene og enda på åttandeplass.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

  • Den fyrste semifinalen vart kringkasta 22. mai frå Bakı Kristal Zalı i Baku.
  • Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 % sjåarrøyster og 50 % juryrøyster som har fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som kan røyste i denne semifinalen vil kvalifisere seg til finalen.
  • Aserbajdsjan, Italia og Spania må kringkaste og kan røyste i denne semifinalen.
  • Semifinalen vart delt inn i to delar og det landet som vart trekt ut fyrst i kvar halvdel fekk velje startnummer sjølv. Desse to landa vart Finland som valte startnummer ni i fyrste halvdel og Irland som valte startnummer 18 i siste halvdel.
  • EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som skal røyste ikkje skal verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.
  • På grunn av bussulukka i Qafa e Vishës i Albania 21. mai 2012 vart det halde landesorg 22. mai. Dimed fekk RTSH lov av EBU til å ikkje direktesende semifinalen. Røystene frå Albania var dimed berre frå juryen.
# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Flag of Montenegro.svg Montenegro Rambo Amadeus «Euro Neuro» Engelsk, montenegrinsk og tysk 020 15
02 Flag of Iceland.svg Island Gréta Salóme og Jónsi «Never Forget» Engelsk 075 08
03 Flag of Greece.svg Hellas Elefthería Eleftheríou «Aphrodisiac» Engelsk 116 04
04 Flag of Latvia.svg Latvia Anmary «Beautiful Song» Engelsk 017 16
05 Flag of Albania.svg Albania Rona Nishliu «Suus» Albansk og latin 146 02
06 Flag of Romania.svg Romania Mandinga «Zaleilah» Spansk og engelsk 120 03
07 Flag of Switzerland.svg Sveits Sinplus «Unbreakable» Engelsk 045 11
08 Flag of Belgium (civil).svg Belgia Iris «Would You?» Engelsk 016 17
09 Flag of Finland.svg Finland Pernilla Karlsson «När jag blundar» Svensk 041 12
10 Flag of Israel.svg Israel Izabo «Time» Hebraisk og engelsk 033 13
11 Flag of San Marino.svg San Marino Valentina Monetta «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» Engelsk og italiensk 031 14
12 Flag of Cyprus.svg Kypros Ívi Adámou «La La Love» Engelsk 091 07
13 Flag of Denmark.svg Danmark Soluna Samay «Should've Known Better» Engelsk og arabisk 063 09
14 Flag of Russia.svg Russland Buranovskiye Babushki «Party for Everybody» Udmurtisk og engelsk 152 01
15 Flag of Hungary.svg Ungarn Compact Disco «Sound of Our Hearts» Engelsk 052 10
16 Flag of Austria.svg Austerrike Trackshittaz «Woki mit deim Popo» Mühlviertelsk 008 18
17 Flag of Moldova.svg Moldova Pasha Parfeny «Lăutar» Engelsk og rumensk 100 5
18 Flag of Ireland.svg Irland Jedward «Waterline» Engelsk 092 06

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Den andre semifinalen vart halden torsdag 24. mai 2012 i Bakı Kristal Zalı i Baku. Storbritannia, Frankrike og Tyskland kunne røyste på landa i den andre semifinalen. 10 land gjekk vidare til finalen. Armenia skulle opphavleg delta og vart tildelt ein plass i den andre semifinalen, men trekte seg 7. mars 2012.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Flag of Serbia.svg Serbia Željko Joksimović «Nije ljubav stvar» Serbisk 159 02
02 Flag of Macedonia.svg Makedonia Kaliopi «Crno i belo» Makedonsk og engelsk 053 09
03 Flag of the Netherlands.svg Nederland Joan Franka «You and Me» Engelsk 035 15
04 Flag of Malta.svg Malta Kurt Calleja «This Is the Night» Engelsk 070 07
05 Flag of Belarus.svg Kviterussland Litesound «We Are the Heroes» Engelsk 035 16
06 Flag of Portugal.svg Portugal Filipa Sousa «Vida minha» Portugisisk 039 13
07 Flag of Ukraine.svg Ukraina Gaitana «Be My Guest» Engelsk 064 08
08 Flag of Bulgaria.svg Bulgaria Sofi Marinova «Love Unlimited» Bulgarsk, arabisk, aserbajdsjansk,
engelsk, fransk, gresk, italiensk,
romanés, serbokroatisk,
spansk og tyrkisk
045 11
09 Flag of Slovenia.svg Slovenia Eva Boto «Verjamem» Slovensk 031 17
10 Flag of Croatia.svg Kroatia Nina Badrić «Nebo» Kroatisk 042 12
11 Flag of Sweden.svg Sverige Loreen «Euphoria» Engelsk 181 01
12 Flag of Georgia.svg Georgia Anri Jokhadze «I'm a Joker» Engelsk og georgisk 036 14
13 Flag of Turkey.svg Tyrkia Can Bonomo «Love Me Back» Engelsk 080 05
14 Flag of Estonia.svg Estland Ott Lepland «Kuula» Estisk 100 04
15 Flag of Slovakia.svg Slovakia Max Jason Mai «Don't Close Your Eyes» Engelsk 022 18
16 Flag of Norway.svg Noreg Tooji «Stay» Engelsk 045 10
17 Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina Maya Sar «Korake ti znam» Bosnisk 077 06
18 Flag of Lithuania.svg Litauen Donny Montell «Love Is Blind» Engelsk 104 03

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart halden 26. mai 2012 i Bakı Kristal Zalı i Baku. Berre «dei fem store», som består av Frankrike, Spania, Storbritannia, Tyskland og Italia, og vertslandet Aserbajdsjan var direktekvalifisert til finalen. I tillegg til desse deltok dei 20 beste frå dei to semifinalane.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass
01 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Engelbert Humperdinck «Love Will Set You Free» Engelsk 012 25
02 Flag of Hungary.svg Ungarn Compact Disco «Sound of Our Hearts» Engelsk 019 24
03 Flag of Albania.svg Albania Rona Nishliu «Suus» Albansk og latin 146 05
04 Flag of Lithuania.svg Litauen Donny Montell «Love Is Blind» Engelsk 070 14
05 Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina Maya Sar «Korake ti znam» Bosnisk 055 18
06 Flag of Russia.svg Russland Buranovskiye Babushki «Party for Everybody» Udmurtisk og engelsk 259 02
07 Flag of Iceland.svg Island Gréta Salóme og Jónsi «Never Forget» Engelsk 046 20
08 Flag of Cyprus.svg Kypros Ívi Adámou «La La Love» Engelsk 065 16
09 Flag of France.svg Frankrike Anggun «Echo (You and I)» Fransk og engelsk 021 22
10 Flag of Italy.svg Italia Nina Zilli «L'amore è femmina (Out of Love)» Engelsk og italiensk 101 09
11 Flag of Estonia.svg Estland Ott Lepland «Kuula» Estisk 120 06
12 Flag of Norway.svg Noreg Tooji «Stay» Engelsk 007 26
13 Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan Səbinə Babayeva «When the Music Dies» Engelsk 150 04
14 Flag of Romania.svg Romania Mandinga «Zaleilah» Spansk og engelsk 071 12
15 Flag of Denmark.svg Danmark Soluna Samay «Should've Known Better» Engelsk og arabisk 021 23
16 Flag of Greece.svg Hellas Elefthería Eleftheríou «Aphrodisiac» Engelsk 064 17
17 Flag of Sweden.svg Sverige Loreen «Euphoria» Engelsk 372 01
18 Flag of Turkey.svg Tyrkia Can Bonomo «Love Me Back» Engelsk 112 07
19 Flag of Spain.svg Spania Pastora Soler «Quédate conmigo» Spansk 097 10
20 Flag of Germany.svg Tyskland Roman Lob «Standing Still» Engelsk 110 08
21 Flag of Malta.svg Malta Kurt Calleja «This Is the Night» Engelsk 041 21
22 Flag of Macedonia.svg Makedonia Kaliopi «Crno i belo» Makedonsk og engelsk 071 13
23 Flag of Ireland.svg Irland Jedward «Waterline» Engelsk 046 19
24 Flag of Serbia.svg Serbia Željko Joksimović «Nije ljubav stvar» Serbisk 214 03
25 Flag of Ukraine.svg Ukraina Gaitana «Be My Guest» Engelsk 065 15
26 Flag of Moldova.svg Moldova Pasha Parfeny «Lăutar» Engelsk og rumensk 081 11

Tidlegare deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Deltakar Land Tidlegare år Tidlegare land Deltok som Plassering i tidlegare tevling
Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
Jónsí
(med Greta Salóme)
Island 2004 Island Artist 016 19 X X
John Grimes
(del av Jedward)
Irland 2011 (del av Jedward) Irland Artist 119 08 068 08
Edward Grimes
(del av Jedward)
Irland 2011 (del av Jedward) Irland Artist 119 08 068 08
Kaliopi Makedonia 1996 Makedonia Artist X X 014[10] 26[10]
Željko Joksimović Serbia 2004 (med Ad Hoc Orchestra) Serbia og Montenegro Artist 263 02 263 01
2006 (med Fahrudin Pecikoza
og Dejan Ivanović)
Bosnia-Hercegovina Låtskrivar 229 03 267 02
2008 (med Dejan Ivanović) Serbia Låtskrivar 160 06 X X
2008 (med Jovana Janković) Serbia Programleiar
Maya Sar Bosnia-Hercegovina 2004 Bosnia-Hercegovina Støttevokalist 091 09 133 07
2011 Bosnia-Hercegovina Støttevokalist 125 06 109 05
Anri Jokhadze Georgia 2008 Georgia Støttevokalist 083 11 107 05

Andre land[endre | endre wikiteksten]

Andorra[endre | endre wikiteksten]

19. oktober 2011 kunngjorde Andorra at dei ikkje hadde planar om å deltake i 2012 på grunn av økonomiske vanskar og i november 2011 vart det annonsert at den nasjonale kringkastaren skulle trekkje seg som medlem i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Landet kan difor ikkje delta i Eurovision Song Contest før ein nasjonal kringkastar vert medlem i EBU.[11][12]

Australia[endre | endre wikiteksten]

Special Broadcasting Service (SBS) kringkasta semifinalane og finalen. Antal sjåarar for semifinalane var det høgaste sidan 2004, og antal sjåarar for finalen var det nest høgaste nokonsinne, berre slått av finalen i 2003. Under finalen arrangerte SBS ein uoffisiell fjernsynsrøysting for å sjå kven Australia ville røysta fram som vinnar. Sverige og Loreen med songen «Euphoria» fekk 72 186 røystar og vann. SBS hadde òg sendt to kommentatorar til Baku.[13]

Armenia[endre | endre wikiteksten]

7. mars 2012 annonserte Armenia at dei ikkje kom til å delta i 2012 sjølv om dei hadde meldt seg på og vorte tildelt ein plass i den andre semifinalen.

Tsjekkia[endre | endre wikiteksten]

24. november 2011 vart det rapportert at Tsjekkia ikkje ville dela i 2012, etter utgjevinga av ein sendeplan for Česká televise (ČT).

Liechtenstein[endre | endre wikiteksten]

26. november 2011 vart det annonsert at to offisielle dokumentar frå EBU, utgjeve i mars og oktober 2011, som synar at Liechtenstein sin einaste nasjonale kringkastar, 1FLTV, er innvilga aktivt medlemskap i EBU. Dette skapa spekulasjonar om ein mogleg debut i tevlinga. 29. november 2011 vart bekrafta at desse dokumentane ikkje var ekte.

Marokko[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju med den franske delegasjonen vart det avslørt at Marokko ville delta i 2012 med ein ny kringkastar, 2M TV. Rapporter om den føreslåtte deltakinga til Marokko, etter eit fråvær på over 30 år, vart ytterlegare forsterket ved eit EBU-møte i Genève.

Monaco[endre | endre wikiteksten]

23. november 2011, på eit EBU-møte i Genève, vart det rapportert om at Monaco vurderte å delta i 2012. 3. desember 2011 sa Phil Bosco, ein tidlegare leiar for delegasjonen, at den nasjonale kringkastaren Télé Monte Carlo (TMC) ikkje har tenkt å delta i tevlinga i næraste framtid og det er ingen finansielle budsjett tilgjengeleg.

Polen[endre | endre wikiteksten]

16. desember 2011 vart det rapportert på den offisielle Facebook-sida til Telewizja Polska (TVP) at Polen ville trekkje seg frå tevlinga i 2012. Dette vart bekrefta nokon dagar seinare. Kringkastaren vil i staden ha fokus på EM i fotball 2012, som Polen skal arrangere saman med Ukraina, og sommar-OL. TVP sa at ein retur i 2013 ikkje utelukka. Sidan starten av janurar 2012 var EBU i forhandlingar med TVP om å revurdere planane om å trekkje seg ved å tilby hjelp med kringkasting av andre hendingar og lågare deltakingsavgiftar.

Kommentatorar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste landa vil sende ein eller fleire kommentatorar til Baku eller kommentere frå sitt eige land.

Talspersonar[endre | endre wikiteksten]


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Armenia vart tildelt ein plass i den andre semifinalen, men trekte seg.
  2. NRK, 30.05.12: Hevder å ha avverget terror
  3. ABC Nyheter, 30.05.12: - Toojis hotell var terrormål
  4. 4,0 4,1 Azerbaijan jails three over Eurovision 'terrorist plot' (engelsk). British Broadcasting Corporation (3. mai 2013). Vitja 10. mai 2013.
  5. Peter Leonard (26. mai 2012). Azerbaijan hopes Eurovision Song Contest will distract from poor human rights record (engelsk). Global Edmonton. Vitja 10. mai 2013.
  6. 6,0 6,1 Mal:Kjelde ww
  7. Azerbaijan: Homeowners Evicted for City Beautification. Some Forced Out Ahead of Eurovision 2012 (engelsk). Human Rights Watch (29. februar 2012). Vitja 10. mai 2013.
  8. Umstrittener Eurovision Song Contest. Danke, Anke! (tysk). Der Spiegel (27. mai 2012). Vitja 10. mai 2013.
  9. Anke's brave message to Baku. Final. 2012 Eurovision Song Contest. YouTube (27. mai 2012). Vitja 10. mai 2013.
  10. 10,0 10,1 Alle deltakarlanda, unnteken vertslandet Noreg, måtte gjennom ein kvalifikasjonsrunde. Kvalifikasjonsrunden vart ikkje kringkasta og dei nasjonale juryane gav songane poeng ut i frå lydopptak.
  11. ESCToday, 08.11.11: Andorra to quit EBU
  12. ESCDaily, 19.10.11: Andorra: No return planned for 2012
  13. Australia: 2012 coverage a big success (engelsk). Eurovision.tv (3. januar 2013). Vitja 3. januar 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]