Bakı Kristal Zalı

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bakı Kristal Zalı
Offisielt namn Bakı Kristal Zalı
Stad Baku i Aserbajdsjan
Kapasitet 25 000
Arkitekt Alpine Bau Deutschland
Pris 6 millionar AZN
Historiske årstal
Påbegynt
August 2011
Opna
16. mars 2012
Stengt
Hendingar

Bakı Kristal Zalı (aserbajdsjansk for Baku krystallhall) er ein innandørs fleirbrukshall i Baku i Aserbajdsjan. 25. januar 2012 vart det klårt at hallen ville vere arena for Eurovision Song Contest 2012. Hallen skulle opne 31. mars 2012, men opninga vart utsett til 16. mai på grunn av vêrforholda.

Mogleg terrormål[endre | endre wikiteksten]

Sikkerhetsdepartementet i Aserbajdsjan hevda at dei hadde avverga eit mogleg terroråtak på Bakı Kristal Zalı då dei arresterte om lag 40 personar i Aserbajdsjan. Under arrestasjonen vart éin person drepen. I tillegg til arenaen var òg politibygningar, hotell, mellom anna Hilton Baku og JW Marriott Absheron Baku Hotel, moskéer og den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev moglege terrormål.[1][2]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]