Jacques Peletier du Mans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jacques Peletier du Mans (15171582), også med stavinga Pelletier, var ein fransk renessanse-humanist, diktar, omsetjar og matematikar. Han vidareutvikla mellom anna den europeiske metoden for å namngje store tal.

Pelletier var fødd i Le Mans i ein borgarleg familie. Han studerte ved Collège de Navarre i Paris der broren Jean var professor i matematikk og filosofi. Han studerte seinare juss og medisin, blei del av den litterære sirkelen rundt Marguerite de Navarre og var frå 1541 til 1543 sekretær for René du Bellay.

I 1541 gav Pelletier ut den første franske omsetjinga av Ars poetica av Horats. I 1547 gav han ut ei diktsamling av fleire omsetjingar og eigne dikt, Œuvres poétiques. På denne tida gav han også ut fleire vitskaplege og matematiske avhandlingar.

I 1550 la han fram ei avhandling som tala for ein fonetisk fransk ortografi ettersom skriftspråket, påverka av latin, var blitt temmeleg ulogisk. Han brukte sjølv dette systemet i verka han utgav, og stava etter dette namnet sitt med éin l.

Jacques Peletier vidareutvikla ein skala for store tal føreslått av Nicolas Chuquet i 1485. Medan Chuquet hadde gjeve tal namn for kvart sjette siffer, føreslo Peletier namn for kvart tredje siffer. Han fann også på suffikset -illiard, som i milliard. Dette systemet er framleis brukt i dei fleste europeiske land og i mange land med europeisk talsystem.

  Chuquet-Pelletier-systemet (lang skala)  
  Base 10     Systematikk    Chuquet     Peletier       SI-prefiks   
    10  0     million 0
unit
unit
-
    10  3     Million 0.5
tusen
tusen
k (kilo)
    10  6     Million 1
Million
Million
M (mega)
    10  9     Million 1.5
 tusen millionar 
Milliard
G (giga)
    10 12     Million 2
Billion
Billion
T (tera)
    10 15     Million 2.5
tusen billionar
Billiard
P (peta)
    10 18     Million 3
Trillion
Trillion
E (exa)
    10 21     Million 3.5
tusen trillionar
Trilliard
Z (zetta)
    10 24     Million 4
Kvadrillion
Kvadrillion
Y (yotta)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]