Jailhouse Rock
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| «Jailhouse Rock» Singel av Elvis Presley |
||
| B-side | «Treat Me Nice» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 24. september 1957 | |
| Sjanger | Rock and roll | |
| Lengd | 2:37 | |
| Selskap | RCA Records | |
| Låtskrivar(ar) | Jerry Leiber and Mike Stoller | |
| Elvis Presley-kronologi | ||
| «(Let Me Be Your) Teddy Bear» (1957) |
«Jailhouse Rock» | «Don't» (1958) |
«Jailhouse Rock» er ein song skrive av Jerry Leiber og Mike Stoller og som først vart gjeve ut av Elvis Presley. Songen kom ut på singel 24. september 1957 samstundes med filmen med same namn, som hadde Elvis i hovudrolla.
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 67. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1] og vart av Rock and Roll Hall of Fame omtalt som ein av 500 songar som forma rock and roll.
Singelen vart gjeve ut med «Treat Me Nice» som B-side og gjekk til første plass på poplista i USA der han låg sju veker i strekk.
Andre versjonar [endre]
Songen har vorte spelt av mange andre artistar:
- Merle Haggard
- The Residents
- Mötley Crüe
- The Blues Brothers
- ZZ Top
- The Animals
- Twisted Sister
- The Cramps
- John Cougar Mellencamp
- Michael Bolton
- Jeff Beck Group (med Rod Stewart og Ronnie Wood)
- Cliff Richard - konsert
- ABBA med Olivia Newton-John og Andy Gibb
- Queen
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Jailhouse Rock» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The RS 500 Greatest Songs of All Time. RollingStone.com. Vitja 25. september 2008.