ABBA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
ABBA
Opphav Stockholm i Sverige
Sjanger Pop, europop/disco, synth-pop og softrock
Aktive år 1972–1982
Tilknytte artistar Hep Stars, Hootenanny Singers, Benny Anderssons Orkester
Plateselskap Polar (Sweden)
Polydor (TYS)
Philips
Atlantic (USA)
Universal (USA)
Epic
Vogue (FRA)
Discomate
RCA
PolyGram
Carnaby
Sunshine
Ariston/Dig It
Nettside www.abbasite.com
Siste medlemmer
Agnetha Fältskog
Björn Ulvaeus
Benny Andersson
Anni-Frid Lyngstad

ABBA var ei svensk pop-gruppe med ein av dei største kommersielle suksessane på 1970-talet og tidleg på 80-talet.

Medlemmene var Anni-Frid Lyngstad, Agnetha Fältskog, Benny Andersson og Björn Ulvaeus. ABBA fekk sitt internasjonale gjennombrot då dei vann Eurovision Song Contest 1974 med songen «Waterloo».

Namnet ABBA er eit akronym av forbokstavane i førenamnet til kvart av medlemmene (Agnetha, Björn, Benny, Anni-Frid)[1]. I tillegg til dei fire spelte Rutger Gunnarsson bass på alle albuma deira.

ABBA vart ein stor internasjonal suksess med fengande melodilinjer, enkle tekstar og ein Wall of Sound («lydvegg») der dei kvinnelege songarane spelte inn mange harmoniar som dei så la oppå kvarandre. Etter kvart som dei vart meir populære turnerte dei i Europa, Australia og Nord-Amerika og fekk store tilhengjarskarar. Då dei var på sitt mest populære gjekk begge ekteskapa (Björn med Agnetha og Benny med Frida) til medlemmene i oppløysing. Dette viste seg att i musikken deira med meir tankefulle tekstar og ei noko musikalsk endring.

Bandet er framleis populære på radio over heile verda og er eit av dei bestseljande musikkgruppene i verda med totalt rundt 400 millionar selde plater[2][3][4] og dei sel framleis kring 2-3 millionar album i året.[5] ABBA var òg den første ikkje-britiske eller irske popgruppa i Europa som gjekk til topps på salslistene i engelsktalande land som USA, Canada, Australia og Storbritannia. Deira enorme suksess opna dørene for andre europeiske musikkgrupper.[6] Musikken til ABBA har vorte omarrangert til den suksessrike musikalen Mamma Mia! som i juli 2008 kom ut i ein filmversjon.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Plater[endre | endre wikiteksten]

Samleplater[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Greatest Hits
  • 1979: Greatest Hits Vol. 2
  • 1980: Gracias Por La Música
  • 1982: The Singles – The First Ten Years
  • 1986: ABBA Live
  • 1992: ABBA Gold - Greatest Hits
  • 1993: More ABBA Gold – More ABBA Hits
  • 1993: Gold: Greatest Hits
  • 1994: Thank You For The Music
  • 1998: Collection
  • 1999: ABBA ORO - Grandes Exitos
  • 2001: The Definitive Collection

Singlar og EPar[endre | endre wikiteksten]

  • 1992: Dancing Queen (Import CD-singel)
  • 1993: Dancing Queen (USA Vinyl-singel)
  • 1998: Dancing Queen (USA CD5)
  • 1999: Dancing Queen (UK CD-singel)
  • 1999: Waterloo (Tyskland CD-singel)
  • 1999: Happy New Year

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: ABBA

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ABBA's biography, page 2. www.abbasite.com. Vitja 3. september 2008.. Ein periode var Benny gift med Anni-Frid, og Björn var gift med Agnetha, men begge para vart skild.
  2. Former ABBA drummer found dead in garden Amol Rajan; msnbc; vitja 3. september 2008; hevdar 370 millionar
  3. ABBA, The Book Potiez, Jean-Marie; 15 August 2005; vitja 3. september 2006; hevdar 410 millionar selde album i 2000
  4. It's ABBA on the phone making a lot more money, money, money Sherwin, Adam; The Times; 19 April 2006; vitja 3. september 2008; hevdar 750 millionar plater
  5. ABBA drummer found dead in pool of blood. The Local (2008-03-17). Vitja 3. september 2008.
  6. [1] Palm, Carl Magnus, s 527