Jakob den rettferdige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jakob den rettferdige

Jakob den rettferdige eller Jakob av Jerusalem er rekna som den første biskopen av Jerusalem og forfattaren av Jakobs brev i Det nye testamentet, og er omtalt som Jesu bror. Han er i eldre kristen tradisjon halden for å vere identisk med apostelen Jakob den yngre, men sannsynlegvis var dette to ulike personar.

Merkedagen hans var tidlegare feira ved gaukmesse 1. mai, som for Jakob den yngre. I dag feirar Den katolske kyrkja merkedagen hans den 25. oktober.

Den heilage Jakob, «Herrens bror»[1] er omtalt mange gonger i Det nye testamentet saman med Josef, Simon og Judas og nokre systrer. Han kan ha vore son til Josef og slik Jesu bror eller halvbror, men nemninga «bror» kunne òg bli bruka om ein fetter eller andre mannlege slektningar. Jakob ser ut til å ha vore leiar for den første kyrkja i Jerusalem.[2]

Jakob leid martyrdøden i Jerusalem i år 62 (eller 60 eller 64). Biskop Jakob skal ha blitt steina og slått til døde etter å ha blitt dømt av Sanhedrin (det høge rådet).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]