Nasaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°42′07″N 35°18′12″E
Nasaret
נָצְרַת (Na'tzeret), النَّاصِرَة (an-Nāṣira)
by
none
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
koordinatar 32°42′07″N 35°18′12″E
Areal 14,12 km²
Folketal 81 410 (2011) [1]
 - by 172 200
 - storby 256 640
Tettleik 5 766 / km²
borgarmeister Ali Sallam
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nazareth
Nettstad: www.nazareth.muni.il

Nasaret (hebraisk נָצְרַת, Natz'rat; arabisk النَّاصِرَة, an-Nāṣirah eller an-Nāṣiriyyah) er den største byen i Nord distrikt i Israel. Nasaret er kjend som «den arabiske hovudstaden i Israel» med ein folkesetnad som hovudsakleg består av arabarar, som nesten alle er muslimar (69%) eller kristne (30.9%).[2][3][4][5] I følgje Det nye testamentet er byen staden Jesus voks opp, og er dermed eit senter for kristne pilegrimar, med mange heilagdomar basert på hendingar i Bibelen.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Nasaret er ikkje nemnt i før-kristne tekstar og finst i mange forskjellige greske former i Det nye testamentet. Det finst ingen konsensus om kva som er opphavet til namnet.[6] Ein teori er at «Nasaret» kjem frå eit[7] av dei hebraiske orda for 'kvist', nemlet ne·ṣer, נֵ֫צֶר, og siktar til dei profetiske og messianske orda i Jesaja 11:1, «Ein kvist (netzer) skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.» Eit syn indikerer at dette toponymet kan vere eit døme på eit stammenamn nytta av dei folka som slo seg ned her etter dei kom attende frå perioden i eksil.[8] Alternativt kan namnet kom frå verbet na·ṣar, נָצַר, «vakt»[9] og forstått anten som eit «vakttårn» eller «vaktplass», og impliserer at den tidlege byen kan ha lege på ein åstopp, eller i den passive forma vore 'verna' i høve den avsidesliggande plasseringa.[10] Den negative referansen til Nasaret i Evangeliet etter Johannes indikerer at dei gamle jødane ikkje knytte bynamnet til profetiar.[11]

Ein annan teori meiner at den greske forma Nazara, nytta i Matteus og Lukas, kan kome frå ei tidlegare arameisk form av namnet, eller ei anna semittisk språkform.[12] Om det var ein tsade (צ) i den originale semittiske forma, som i seinare hebraiske former, ville namnet normalt ha blitt transkribert på gres med ein sigma i staden for ein zeta.[6] Dette har ført til at somme forskarar har sete spørsmålsteikn ved om «Nasaret» og dei beslekta orda i Det nye testamentet faktisk referer til staden me tradisjonelt kjenner som Nasaret i Nedre Galilea.[13]

Det arabiske namnet an-Nāṣira[endre | endre wikiteksten]

Det arabisk namnet på Nasaret er an-Nāṣira, og Jesus (arabisk يَسُوع, Yasū` eller arabisk عِيسَى, `Īsā) vert òg kalla an-Nāṣirī, og syner den arabiske tradisjonen med å gje folk ein nisba, eit namn som syner frå kva geografisk stad eller stamme ein person kjem frå. I Koranen vert kristne kalla naṣārā, som tyder «følgjarar av an-Nāṣirī,» eller «dei som følgjer Jesus.»[14]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske undersøkingar har avdekt eit eit grav og kultsenter i Kfar HaHoresh, kring 3 km frå den noverande Nasaret, datert til kring 9000 år sidan i før-keramikk yngre steinalder B.[15] Ein har funne leivningane etter 65 personar, som vart gravlagd under store horisontale gravsteinsstrukturar, og somme som bestod av opp til tre tonn med lokalt produsert kvit gips. Dekorerte hovudskallar avdekte der har gjort at arkeologar har identifisert Kfar HaHoresh som eit stort kultsenter på den tida.[16]

I 1620 kjøpte den katolske kyrkja eit område i Nasaret som målte 100 gangar 150 meter på sida av ein ås kalla Nebi Sa'in. Den fransiskanske presten Bellarmino Bagatti, «direktør i kristen arkeologi», utførte store utgravingar på dette «æra området» frå 1955 til 1965. Bagatti avdekte keramikk datert frå mellombronsealderen (2200 til 1500 fvt.) og keramikk, siloar og møller frå jernalderen (1500 til 586 fvt.) som indikerte ein større busetnad i Nasaret på den tida. Mange på arkeologiske funn frå assyriske, babylonske, persiske, hellenistiske og romerske tider, i det minste i dei store utgravingane mellom 1955 og 1990, syner at staden truleg brått vart avslutta kring 720 fvt., då assyrarane øydela mange byar i området.

Tidleg kristen tid[endre | endre wikiteksten]

Historisk bilete av Mariabrunnen.

I følgje Evangeliet etter Lukas var Nasaret heimlandsbyen til Maria og der bodskapsdagen gjekk føre seg (då Maria vart fortalt av engelen Gabriel at ho skulle ha Jesus som sonen sin). I Evangeliet etter Matteus flytta Josef og Maria til Nasaret etter å ha kome attende etter flykta frå Betlehem til Egypt. Skilnaden og den mogelege motseiinga mellom desse to sogene i Jesu fødsel er ein del av det synoptiske problemet. I følgje Bibelen var Nasaret staden der Jesus voks opp. Men moderne forskarar hevdar òg at Nasaret var fødestaden til Jesus.[17]

James F. Strange, ein amerikansk arkeolog, skriv: «Nasaret er ikkje nemnt i gamle jødiske kjelder tidlegare enn 200-talet evt. Dette syner at staden må ha vore lite viktig både i Galilea og Judea.»[18] Strange kalkulerte opphavleg at folkesetnaden i Nasaret då Jesus levde var kring «1 600 til 2 000 innbyggjarar» men endra seinare dette talet til «maks kring 480».[19] I 2009 avdekte den israelske arkeologen Yardenna Alexandre funn i Nasaret som kan vere daterte til tida kring Jesus, tidleg i romersk tid.[20]

Frå verset i Evangeliet etter Lukas:

Dei fór opp og jaga [Jesus] ut av byen, mot ein skrent i åssida der byen deira låg. Der ville dei støyta han utfor..Luk 4:29

Evangeliet etter Lukas indikerer at det gamle Nasaret var bygd i ei åsside. Den historiske Nasaret var i røynda bygd i ein dal. Dei vindfulle åstoppane i nærleiken har berre vore busett sidan Nasaret Illit vart grunnlagd i 1957. Frå 800-talet evt. knytta tradisjonen denne hendinga til «Sprang-åsen» (Jabal al-Qafza) med utsikt over Jezreeldalen, kring 3 km sør for Nasaret.[21]

I Matteus 2:19-23 står det:

«Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.»

I Evangeliet etter Johannes, spør Natanael, «Kan det koma noko godt frå Nasaret?».Joh 1:46 Tydinga av dette kryptiske spørsmålet er omdiskutert. Somme forskarar meiner at det indikerer at Nasaret var særs liten og uviktig, men spørsmålet talar ikkje om storleiken til Nasaret, men om det kan kome noko godt der frå. Faktisk vart Nasaret skildra negativt av evangelistane. I Evangeliet etter Markus står det at Nasaret ikkje trudde på Jesus og at han derfor ikkje kunne «gjera noka mektig gjerning der». Mark 6:5. I Evangeliet etter Lukas vert nasarearane framstilte då dei prøver å ta livet av Jesus ved å kaste han utfor ein skrent.[Luk 4:29]. I den ikkje-kanoniske Evangeliet etter Tomas, og i alle dei fire kanoniske evangelia, kan ein lese det kjende uttrykket at «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin».[22] «[23]

Mange forskarar etter William Wrede (i 1901)[24] har merka seg den såkalla messianske løyndomen i Evangeliet etter Markus, der den sanne karakteren og/eller oppdraget til Jesus blir framstilt som usett av mange, mellom anna følgjesveinane hans Mark 8:27-33. Nasaret, som er heimen til dei nære og kjære til Jesus, har tilsynelatande lidd negativt i forhold til denne doktrinen. Dermed samsvarar spørsmål til Natanael: «Kan det kome noko godt ut av Nasaret?» med eit negativt syn på Nasaret i dei kanoniske evangelia, og med Johannes som skreiv for heller ikkje brørne hans trudde på han.Joh 7:5

Krossfararutskjering i Nasaret.

Ei tavle ved Bibliothèque Nationale i Paris, datert til 50 evt., vart sendt frå Nasaret til Paris i 1878. Det inneheld ein inskripsjon kalla «Vedtektene til Cæsar» som gjev dødsstraff for dei som krenkjer ei grav. Men ein trur at denne inskripsjonen kom til Nasaret frå andre stader (kanskje Sepphoris). Bagatti skriv: «me er ikkje sikre på at tavla vart funnen i Nasaret, sjølv om han kom frå Nasaret til Paris. Det budde fleire antikvarar i Nasaret som hadde gamle gjenstandar frå fleire stader.»[25] C. Kopp er meir sikker: «Det må aksepterast med visse at vedtektene til Cæsar vart ført til marknaden i Nasaret av handelsmenn utafrå.»[26] Jack Finnegan skildrar fleire arkeologiske funn knytt til busetnaden i Nasaret i bronse- og jernalderen, og sa at «Nasaret var ein hovudsakleg jødiske busetnad i romartida[27]

Nasaret, 1842

Epifanios nemner Nasaret i hans Panarion (ca. 375 evt.) som ein av byane som ikkje har ein ikkje-jødisk folkesetnad.[28] Epifanios, skreiv om Josef av Tiberias, ein rik romersk jøde som konverterte til kristendom under Konstantin, at han fekk eit krav frå keisaren om å byggje kristne kyrkjer i jødiske byar og landsbyar, der det ikkje budde heidningar eller samaritanarar, og namngav Tiberias, Diocaesarea, Sepphoris, Nasaret og Kapernaum.[29] Frå denne knappe setninga er det konkludert at ei lita kyrkje som omfatta eit grottekompleks, kan ha stått i Nasaret tidleg på 300-talet, [30] sjølv om byen var jødisk fram til 600-talet.[31]

Sjølv om han er nemnt i evangelia i Det nye testamentet, finst det ikkje andre referansar utanom Bibelen til Nasaret før kring 200 evt., då Sextus Julius Africanus, sitert av Eusebius (Kyrkjehistorie 1.7.14), talar om «Nazara» som ein landsby i «Judea» som ligg nær ein enno uidentifisert «Cochaba».[32] I same passasje skreiv Africanus om desposunoi - slektningar av Jesus - som han hevdar registrerte ættetavla si med stor nøysemd. Enkelte hevdar at sidan det ikkje finst andre tekstreferansar til Nasaret i det første hundreåret og på 100-talet, så var ikkje Nasaret busett på Jesus si tid.[33] Tilhengjarar av denne hypotesen har støtta opp saka si med språklege, litterære og arkeologiske tolkingar,[34] men ein forfattar kalla synet «utan arkeologisk støtte».[35]

Seinare romersk og bysantinsk tid[endre | endre wikiteksten]

Ein hebraisk inskripsjon funnen i Caesarea datert til seint på 200- eller tidleg på 300-talet nemner Nasaret som heimstaden til prestefamilien Hapizzez etter Bar Kokhba-opprøret (132-135 evt.).[36] Frå tre fragment som er funnen, verkar inskripsjonane å vere ei liste på 24 prestefamiliar, der kvar familie har fått tildelt rett rekkefølgje og namnet på kvar by eller landsby i Galilea der dei var busette.[37] Eleazar Kalir (ein hebraiske diktar frå Galile, datert frå 500- til 900-talet i forskjellige kjelder) nemner ein stad som låg i Nasaret-området med namnet Nasaret נצרת (i dette tilfellet utalt «Nitzrat»), som var etterkomarar etter den 18. Kohen-familien Happitzetz (הפצץ), i minst fleire hundreår etter Bar Kokhba-opprøret.

På 500-talet byrja religiøse forteljingar frå lokale kristne om Jomfru Maria å skape ei interesse hos pilegrimane, som grunnla den gresk-ortodokse Bodskapskyrkja på staden der det låg ei ferskvasskjelde, i dag kjend som Mariabrunnen. Kring 570 reiste Antoninus av Piacenza frå Sepphoris til Nasaret. Han skreiv at han i den jødiske synagoga såg bøkene som Jesus lærte å lese frå, og ein benk som han sat på. I følgje han, kunne kristne lyfte benken, medan jødane ikkje klarte dette.[38] Han skreiv om kor vakre dei hebraiske kvinnene var der, og skreiv at dei sa at Jomfru Maria var ein slektning av dei. Han skreiv vidare at huset til Maria var ein basilika.[39]

Den katolske forfattaren Hieronymus, skreiv på 400-talet at Nasaret var ein viculus eller berre in landsby. Den jødiske byen drog nytte av den kristne pilegrimshandelen som byrja på 300-talet, men seinare anti-kristen fiendskap braut ut i 614 evt. då persarane invaderte Palestina. Den kristne, bysantinsk forfattaren Eutychius hevda at jødane frå Nasaret hjelpte persarane i massakren mot dei kristne.[40] Då den bysantinske keisaren Heraklios dreiv ut persarane i 630 evt., forviste han òg jødane i byen.

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1099 erobra krossfararen Tancred Galilea og gjorde Nasaret til hovudstaden sin. Det gamle bispesetet Skythopolis vart flytta til erkebiskopen av Nasaret, eit av fire erkebispedøme i kongedømet Jerusalem. Byen kom attende til muslimsk kontroll i 1187 etter sigeren til Saladin i slaget ved Hattin. Dei gjenverande krossfararane og den europeiske prestestanden vart tvungen til å forlate byen.[41] Fredrik II klarte å forhandle ei trygg ferd for pilegrimane frå Akko i 1229, og i 1251 deltok kong Ludvig IX av Frankrike i ei messe i ei grotte, i lag med kona.[41]

I 1263 øydela Baibars, mamelukk-sultanen, kristne bygningar i Nasaret og tillet ikkje latinsk prestestand å kome inn i byen, som ein del av planen hans om å drive ut dei attverande krossfararane frå Palestina.[41] Dei arabiske kristne familiane heldt fram å bu i Nasaret, som no vart redusert til ein fattig landsby. Pilegrimar som vitja staden i 1294 rapporerte om berre ei lita kyrkje ved ei grotte.[41]

På 1300-talet fekk fransiskanske munkar igjen lov til å gå inn i landsbyen og bu i ruinane av basilikaen, men dei vart kasta ut att i 1584.[41] I 1620 let Fakhr-al-Din II, ein drusar-emir som kontrollerte denne delen av Osmansk Syria, dei få byggje ei lita kyrkje ved Bodskapsgrotta. Pilegrimsturar til dei kringliggande heilage stadane vart organiserte av fransiskanarane, men munkane vart ofte plaga av dei kringliggande beduinske stammene som ofte kidnappa dei for løysepengar.[41] Det vart igjen fred og rom i området under styret til Daher el-Omar, ein mektig beduin-sjeik som styrte over det meste av Galilea og som gav fransiskanarane løyve ti å byggje ei kyrkje i 1730. Denne strukturen stod fram til 1955, då han vart øydelagd for å gje plass for ein større bygning i 1967.[41]

Nasaret, postkort av Fadil Saba.

Nasaret vart erobra av soldatane til Napoleon Bonaparte i 1799, under det syriske felttoget hans. Napoleon vitja dei heilage stadane og vurderte å utpeike generalen sin Junot til hertug av Nasaret.[41] Under styret til Ibrahim Pasha (1830–1840), den egyptiske generalen, over det meste av Osmansk Syria, vart Nasaret opna for europeiske misjonærar og handelsmenn. Etter osmanarane fekk kontroll att, fortsette europeiske pengar å strøyme inn i Nasaret og det vart oppretta nye institusjonar. Dei kristne i Nasaret vart verna under pogromane i 1860-åra av Aghil Agha, beduinleiaren som hadde kontroll over Galilea mellom 1845 og 1870.[41]

Kaloost Vartan, ein armenar frå Istanbul, kom her i 1864 og grunnla den første medisinske misjonærstasjonen i Nasaret, det skotske «sjukehuset på åsen, eller Nasaret hospital som det vert kalla i dag, betalt av Edinburgh Medical Missionary Society. Den osmanske sultanen, som likte franskmennene, tillet dei å bygge ein barneheim, Samskipnaden St. Francis de Sale. Seint på 1800-talet var Nasaret ein by med mange arabiske kristne og eit veksande europeisk samfunn, og det vart reist mange nye bygg, mange av dei religiøse.[41] I 1871 stod Kristuskyrkja, den einaste anglikanske kyrkja i byen, ferdig.[42]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Mariakjelda i 1891.

I 1918 hadde Nasaret 8 000 innbyggjarar, to tredjedelar av dei kristne. I løpet av dei neste 30 åra steig folketalet til 18 000.[43] Det tok lang tid før Nasaret vart modernisert. Medan andre byar alt hadde fått elektrisitet, fekk ikkje Nasaret elektrisitet før 1930-åra og investerte staden i eit vassforsyningssystem.[44]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Amin Gargurah (venstre), borgarmeister i Nasaret, med den israelske statsministeren Moshe Sharett, 1955.

Nasaret låg i området som var tiltenkt arabarane etter delingsplanen til SN frå 1947. Byen deltok ikkje i kampar under den arabisk-israelske krigen i 1948 før den første våpenkvilen den 11. juni, men somme av landsbybuarane vart med i ein laust organisert bondemilits og paramilitære styrkar, og soldatar frå den arabiske frigjeringshæren hadde gått inn i Nasaret. I løpet av dei ti dagane med kampar mellom den første og andre våpenkvilen, kapitulerte Nasaret til israelske soldatar under Operasjon Dekel den 16. juli, etter liten motstand. Overgjevinga vart formalisert i ein skriftleg avtale, der byleiarane gjekk med på å stoppe fiendskapen mot lovnader frå dei israelske offiserane, inkludert brigadesjefen Ben Dunkelman (leiaren for operasjonen), at dei sivile ikkje skulle kome til skade.

Byen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Den israelske regjeringa erklærte eit Nasaret storbyområde som omfatta dei lokale kommunane Yafa an-Naseriyye i sør, Reineh, Mashhad og Kafr Kanna i nord, Iksal og Nasaret Illit i aust og Migdal HaEmek i vest.

paven skulle vitje Nasaret i 2000 skapte det særs store spaningar knytt til Bodskapsbasilikaen. I 1997 vart det gjeve løyve om å lage ein asfaltert plass for å ta i mot dei mange tusen kristne pilegrimane som var venta. Muslimane protesterte og okkuperte staden, der ein nevø av Saladin er trudd å vere gravlagd. Det var bygd ein skule på staden, al-Harbyeh, av osmanarane, og heilagdomen Shihab-Eddin, i lag med fleire butikkar eigd av waqf, låg på staden. Regjeringa si godkjenning av planane om ein stor moské på staden utløyste protestar frå kristne leiarar verda over. I 2002 stoppa ein spesiell regjeringskommisjon bygginga av moskéen.[45]

I juli 2006 tok ein rakett avfyrt av Hizbollah som ein del av Libanonkrigen i 2006 livet av to barn i Nasaret.[46]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Gammalt postkort frå Nasaret frå eit foto av Félix Bonfils.

Nasaret er den største arabiske byen i Israel.[47] Fram til byrjinga av Palestinamandatet (1922–1948), var folkesetnaden hovudsakleg arabiske kristne (dei fleste ortodokse), med ein arabisk muslimsk minoritet. Nasaert har i dag framleis ein kristen folkesetnad, som består av maronittar, ortodokse kristne, romersk-katolsk, melkittiske katolikkar, anglikanarar, baptistar, evangelikarar og koptarar, med fleire. Den muslimske folkesetnaden har vokse, av fleire årsaker, mellom anna fordi byen var det administerative senteret under britisk styre, og fleire palestinarar som er tvangsflytta frå andre område av Israel har flytta hit etter den arabisk-israelske krigen i 1949.[4]

I 2009 bestod folkesetnaden i Nasaret av 69 % muslimar og 30,9 % kristne.[48] Storbyområdet kring Nasaret har kring 210 000 innbyggjarar, inkludert 125 000 (59%) israelske arabarar og 85 000 jødar (41%). Det er det einaste byområdet med meir enn 50 000 innbyggjarar i Israel der majoriteten er arabarar.[49]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Den største fotballklubben i byen er Ahi Nasaret, som i dag spelar i Liga Leumit, det andre nivået i israelsk fotball. Klubben låg ein sesong i den øvste divisjonen i 2003-2004. Dei spelar på Ilut stadion i nærliggande Ilut. Andre lokale klubbar er Beitar al-Amal Nasaret, Hapoel Bnei Nasaret og Hapoel Nasaret som alle spelar i Liga Gimel.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Nasaret er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population». Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. http://www.cbs.gov.il/population/new_2010/table3.pdf. Henta 14. oktober 2014. 
  2. «2005». Cbs.gov.il. http://www.cbs.gov.il/publications/local_styresmaktene2005/pdf/207_7300.pdf. Henta 14. oktober 2014. 
  3. Laurie King-Irani (Spring 1996). «Review of «Beyond the Basilica: Christians and Muslims in Nazaret"». Journal of Palestine Studies 25 (3): 103–105. doi:10.1525/jps.1996.25.3.00p0131i. JSTOR 2538265. 
  4. 4,0 4,1 Dumper, Michael; Stanley, Bruce E.; Abu-Lughod, Janet L.. Cities of the Middle East and North Africa: a historical encyclopedia (Illustrated ed.). ABC-CLIO. ss. 273–274. ISBN 9781576079195. 
  5. Kanaaneh, Rhoda Ann, Birthing the nation: strategies of Palestinian women in Israel, University of California Press, s. 117, ISBN 978-0-520-22379-0, http://books.google.com/books?id=T2JmeRYaXJIC&pg=PA117, «All-Arab cities such as Nazaret, the largest Palestinian city in Israel» Quigley, John, Flight into the maelstrom: Soviet immigration to Israel and Middle East peace, Garnet & Ithaca Press, s. 190, ISBN 978-0-86372-219-6, http://books.google.com/books?id=AwVw59HmVdEC&pg=RA1-PA190 
  6. 6,0 6,1 Carruth, Shawn; Robinson, James McConkey; Heil, Christoph. Q 4:1-13,16: the temptations of Jesus : Nazara. Peeters Publishers. s. 415. ISBN 90-6831-880-2. 
  7. Det andre er zemach.
  8. Bargil Pixner, sitert i Paul Barnett,Jesus & the Rise of Early Christianity: A History of New Testament Times,InterVarsity Press, 2002 s.89,n.80.
  9. Merrill, Selah, (1881) Galilee in the Time of Christ, s. 116.
    Francis Brown, S. R. Driver, Charles A. Briggs, The Brown-Driver-Briggs Hebrew and English Lexicon (1906/2003), s. 665.
  10. R.H.Mounce, 'Nasaret,' in Geoffrey W. Bromiley (ed.) The International Standard Bible Encyclopedia, Vol.3 Eerdmans Publishing 1986, s.500-501.
  11. Bauckham, Jude, Jude, Relatives of Jesus in the Early Church, s. 64-65. Sjå Joh 1:46 og Joh 7:41-42.
  12. Carruth, 1996, s. 417.
  13. T. Cheyne, «Nazaret,» in Encyclopaedia Biblica, 1899, col. 3358 f. For a review of the question see H. Schaeder,Nazarenos, Nazoraios, in Kittel, «Theological Dictionary of the New Testament,» IV:874 f.
  14. Antoun, Richard T.; Quataert, Donald. Richard T. Antoun. ed. Syria: society, culture, and polity. SUNY Press. ISBN 9780791407134. 
  15. Goring-Morris, A.N. «The quick and the dead: the social context of Aceramic neolithic mortuary practices as seen from Kfar HaHoresh.» In: I. Kuijt (ed.), Social Configurations of the Near Eastern Neolithic: Community Identity, Hierarchical Organization, and Ritual (1997).
  16. «Pre-Christian Rituals at Nazaret». Archeology: A Publication of the Archaeological Institute of America. November–December 2003. http://www.arkeologi.org/0311/newsbriefs/nazareth.html. 
  17. John P. Meier, A Marginal Jew: Rethinking the Historical Jesus: The Roots of the Problem and the Person,Vol. 1, Doubleday 1991, s.216; Bart D. Ehrman, Jesus: Apocalyptic Prophet of the New Millennium, Oxford University Press, 1999, s.97; E. P. Sanders, The Historical Figure of Jesus, Penguin 1993, s.85.
  18. Article «Nasaret» i Anchor Bible Dictionary. New York: Doubleday, 1992.
  19. E. Meyers & J. Strange, Archeology, the Rabbis, & Early Christianity Nashville: Abingdon, 1981; Article “Nasaret” i Anchor Bibelen Dictionary. New York: Doubleday, 1992.
  20. House from Jesus' time excavated (December 23, 2009) in Israel 21c Innovation News Service Henta 16. oktober 2014
  21. Denys Pringle, The Churches of the Crusade Kingdom of Jerusalem, vol.11,L-Z Cambridge University Press, 1998 s.45. Sjå Petersen, 'The Diatessaron and the Fourfold Gospel,' i Charles Horton (ed.)The Earliest Gospels: The Origins and Transmission of the Earliest Christian Gospels, Continuum International Publishing Group, 2004 s.50-68, 65-66.
  22. Det greske ordet patrís(πατρίς) (land) kan òg tyde 'heimstad' som her. D.E.Nineham, Saint Mark, 1963, Penguin Books, s.165.
  23. Evangeliet etter Tomas, 31; Mark 6:4; Matt 13:57; Lukas 4:24; Joh 4:44
  24. William Wrede, Das Messiasgeheimnis in der Evangelien(1901), engelsk omsetjing The Messianic Secret, Cambridge: J. Clarke, 1971.
  25. Bagatti, B. Excavations in Nasaret, vol. 1 (1969), s. 249.
  26. C. Kopp, “Beiträge zur Geschichte Nasarets.” Journal of the Palestine Oriental Society, vol. 18 (1938), s. 206, n.1.
  27. Jack Finnegan, The Archeology of the New Testament, Princeton University Press: Princeton, 1992, s. 44-46.
  28. Epifanios, Panárion 30.11.10, sitert av Andrew S. Jacobs,Remains of the Jews: The Holy Land and Christian Empire in Late Antiquity, Stanford University Press, s.50 n.124, s.127.
  29. Frank Williams,The Panarion of Epifanios of Salamis, Bok I (Sects 1-46) E. J. BRILL (1897), rev.ed. 2009, s.140.
  30. Taylor, J. kristne and the Holy Places. Oxford: Clarendon Press, 1993, s. 265.
  31. Taylor 229, 266; Kopp 1938:215.
  32. (Eusebius Pamphili, Kyrkjehistorie, Bok I, Kapittel VII,§ 14)
  33. T. Cheyne, “Nasaret.” Encyclopedia Biblica. London: Adam and Charles Black, 1899, Col. 3360.
    • R. Eisenman, James the Brother of Jesus. New York: Penguin Books, 1997, s. 952.
  34. W. B. Smith, «Meaning of the Epithet Nazorean (Nazarene),"The Monist 1904:26.
    • T. Cheyne, Encyclopedia Biblica,"Nasaret» (1899).
  35. Ken Dark, «si melding av The Myth of Nasaret: The Invented Town of Jesus», STRATA: Bulletin of the Anglo-Israel Archaeological Society, vol. 26 (2008), s. 140–146; cf. Stephen J. Pfann & Yehudah Rapuano, «On the Nasaret Village Farm Report: A Reply to Salm», STRATA: Bulletin of the Anglo-Israel Archaeological Society, vol. 26 (2008), s. 105–112.
  36. History and Society in Galilee, 1996, s. 110.
  37. Avi-Yonah, M. (1962). «A List of Priestly Courses from Caesarea». Israel Exploration Journal 12: 138. 
  38. Andrew S. Jacobs, Remains of the Jews, s.127.
  39. P. Geyer, Itinera Hierosolymitana saeculi, Lipsiae: G. Freytag, 1898: page 161.
  40. C. Kopp, “Beiträge zur Geschichte Nasarets.” Journal of the Palestine Oriental Society, vol. 18 (1938), s. 215. Kopp siterer den bysantinske forfattaren Eutychius (Eutychii Annales in Migne's Patrologia Graeca vol. 111 s. 1083).
  41. 41,0 41,1 41,2 41,3 41,4 41,5 41,6 41,7 41,8 41,9 Dumper, s. 273.
  42. Miller, Duane Alexander (oktober 2012). «Christ Church (Anglican) in Nazaret: a brief history with photographs». St Francis Magazine 8 (5): 696–703. 
  43. Green crescent over Nazaret: The displacement of Christians by Muslims in the Holy Land, Raphael Israeli
  44. Shamir, Ronen (2013) Current Flow: The Electrification of Palestine. Stanford: Stanford University Press
  45. «Final Bar on Controversial Nasaret Mosque». Catholics World News. March 4, 2002. http://www.cwnews.com/news/viewstory.cfm?recnum=17590. 
  46. «Rocket attacks kill two Israeli Arabic children». Reuters. 19. juli 2006. http://www.alertnet.org/thenews/newsdesk/L196187346.htm. 
  47. Yurit Naffe (oktober 2001). «Statistilite 15: Population». Staten Israelsk statistisk sentralbyrå. 
  48. «Nasaret Census 2009». Cbs.gov.il. http://www.cbs.gov.il/publications11/local_styresmaktene09/pdf/254_7300.pdf. Henta 14. oktober 2014. 
  49. «Israeli localities with populations 1000+». Cbs.gov.il. http://www.cbs.gov.il/population/new_2007/table3.pdf. Henta 14. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Nazareth frå Wikivoyage