James Bond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

James Bond, òg kjend som 007 er ein av verdas mest kjende heltefigurar og fiktive spionar. Han er skapt av forfattaren Ian Fleming i skyggen av den kalde krigen. Bond er spion for den britiske etteretningstenesta MI6, og sidan han vart introdusert i romanen Casino Royale i 1953, skreiv Ian Fleming totalt 14 bøker om Bond. Ian Fleming døydde i 1964 av hjarteanfall.

Bøkene om James Bond er òg filmatiserte og den fyrste filmen, Dr. No, kom på kinolerretet i 1962 med Sean Connery i hovudrolla. Til saman har det vorte spelt inn 22 filmar (der 20 er «offisielle») med James Bond som helt, den siste i 2002, Die Another Day. Bond har vore spelt av Sean Connery, George Lazenby, Roger Moore, Timothy Dalton og Pierce Brosnan i dei offisielle filmane, og også David Niven i ein parodiversjon av Fleming-romanen Casino Royale. I oktober 2005 vart det offentleggjort at skodespelaren Daniel Craig skal inneha Bond-rolla i neste film. Figuren Bond har i tillegg til dei 23 filmane òg vore grunnlaget for ein teikneserie med same namn, samt ei rekkje spinoff-produkt, til dømes dataspel.

1960-talet slo Bond-manien inn for alvor, og i Storbritannia samt USA måtte kinoane halde døgnope for å kunne mette det forventingsfulle og eventyrlystne publikumet. Goldfinger og Thunderball kan nemmast blant dei mest populære James Bond-filmane på sekstitalet. Som fylge av denne enorme James Bond-interessa, vart det produsert tallause leikar, samt ting med born som hovudaldersgruppe. Dessutan fanst det James Bond-handkle, sengetøy, sko, kle og så bortetter.

Personlege verktøy
Opprett ei bok