Sean Connery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sean Connery ved Edinburgh filmfestival i 2008.
Foto: Stuart Crawford

Sir Thomas Sean Connery (fødd 25. august 1930), betre kjend som Sean Connery, er ein skotsk skodespelar som særleg er kjend for å ha spelt James Bond i dei første filmane om den hemmelege agenten. I 1987 vann han ein ein BAFTA for Rosens navn, og året etter fekk han ein Oscar for si rolle i The Untouchables. I 2000 blei Connery adla. Han har også markert seg som forkjempar for skotsk sjølvstende frå Storbritannia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Connery vart født i Edinburgh i Skottland. Mor hans, Euphemia «Effie» Maclean, var reinhaldar, og faren, Joseph Connery, var fabrikkarbeidar og lastebilsjåfør. Sean var eldstebarnet med ein yngre bror, Neil. Etter endt skulegang arbeidde Connery ei tid som mjølkemann før han verva seg til den britiske marinen. Han blei seinare dimittert på medisinsk grunnlag, og tok ei rekkje strøjobbar, mellom anna som scenearbeidar ved King's Theatre i Edinburgh i 1951. I 1953 fekk han ei mindre rolle i musikalen South Pacific. Han dreiv også med fotball, der han skal ha fått tilbod om å spela for Manchester United, og kroppsbygging, og var med i Mr. Universe-tevlinga dette året.

Connery var gift med skodespelaren Diane Cilento frå 1962 til 1973 som han fekk sonen Jason Connery med. I 1975 gifta han seg med målaren Micheline Roquebrune. Han har budd fleire år i Spania og på Bahamas.

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Sean Connery i 1999

Ein av Bond sine tidlege filmroller var som ein ung journalist i Another Time, Another Place (1958) mot filmstjerna Lana Turner. Året etter hadde han ei framtredande rolle i Darby O'Gill and the Little People (1959). I 1961 spelte han i BBC sin Anna Karenina-produksjon regissert av Rudolph Cartier.

Etter dette skreiv Connery kontrakt om å spela rolla som den då ukjende helten James Bond i fem filmar. Den første av dei, Dr. No, kom ut i 1962 og innførte ei rekkje seinare kjende klisjear, som introduksjonen «Bond, James Bond». Etter dei første fem filmane spelte Connery også Bond i Diamonds Are Forever (1971) and Never Say Never Again (1983). Alle filmane hadde stor kommersiell suksess.

Av alle Bond-skodespelarane, er Connery den som har hatt størst suksess i etterkant av Bond. Som ein del av avtala med å spele rolla i Diamonds are Forever, fekk Connery frie hender til å delta i to filmar for United Artists. Den første av desse, The Offence, vart begravd av studioet. Han hadde oppgang og nedgang til han fann ei ny rolle som passa — rolla som ein klok eldre mentor, noko han først spelte i Highlander (1986). Rolla hans som ein tøff irskfødd politimann i The Untouchables (1987) førte til hans einaste oscarnominasjon og -pris.

Nokre seinare roller viser til fortida hans som Bond, til dømes Indiana Jones and the Last Crusade (1989), der han speler far til Indiana Jones, som blei skapt etter inspirsjon frå Bond-filamen, og som ein britisk hemmeleg agent som har vore fengsla i fleire tiår i The Rock (1996).

Sean Connery i kilt saman med medlemmar av United States Air Force Reserve's Pipe and Drum Band i Washington D.C. i 2004.

Politisk og sosialt engasjement[endre | endre wikiteksten]

Sean Connery har markert kjærleik til heimladet sitt på ulike vis. Sidan ungdommen har han hatt ei tatovering som seier «Scotland Forever», i tilleg til ei som seier «Mum and Dad».[1] I 1971 skipa han Scottish International Education Trust og gav løninga si for Diamonds Are Forever på ein million pund til henne.

Connery har gått inn for skotsk sjølvstende sidan 1990-talet. Han er medlem av Scottish National Party, og har støtta partiet gjennom frammøte ved tilstellingar og pengegåver. Denne politiske aktiviteten skal ha ført til at adlinga av han blei utsett i fleire år. Då han endeleg blei utnemnd til Knight Bachelor av den britiske dronninga i 2000, fann seremonien stad i Edinburgh, med Connery kledd opp i kilt.[2]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

James Bond[endre | endre wikiteksten]

Connery er mest kjent for rolla si som James Bond. Han spelte Bond første gongen i Dr. No (1962) og har spelt Bond i sju andre filminnspelingar.

År Film Originaltittel Rolle
1962 Dr. No James Bond
1963 From Russia with Love James Bond
1963 Goldfinger James Bond
1965 Operasjon Tordensky Thunderball James Bond
1967 James Bond i Japan You Only Live Twice James Bond
1971 Diamanter varer evig Diamonds Are Forever James Bond
1983 Never Say Never Again¤ James Bond

¤ Denne filmen er ei uoffisiell utgåve, ei gjeninnspeling av Thunderball

Etter James Bond[endre | endre wikiteksten]

År Film Originaltittel Rolle
1974 Mord på Orientekspressen Colonel Arbuthnot
1974 Zardoz Zed
1975 The Man Who Would Be King Daniel Dravot
1975 The Terrorists Nils Tahlvik
1963 A Bridge Too Far Roy Urquhart
1981 Time Bandits Kong Agamemnon / brannmann
Outland O'Niel
1982 Wrong Is Right Patrick Hale
Five Days One Summer Douglas Meredith
1986 Rosens navn ¤ The Name of the Rose William av Baskerville
Highlander Juan Sanchez Villa-Lobos Ramirez
1987 De ubestikkelige ¤¤ The Untouchables Jim Malone
1988 The Presidio Alan Caldwell
1989 Indiana Jones og det siste korstog Indiana Jones and the Last Crusade Professor Henry Jones
Family Business Jessie McMullen
1990 Jakten på Rød Oktober The Hunt for Red October Kaptein Marko Ramiusr
The Russia House Bartholomew 'Barley' Scott Blair
1991 Robin Hood, tyvenes prins Robin Hood: Prince of Thieves Kong Richard
Highlander 2, Fremmed uten navn Highlander II: The Quickening Juan Sanchez Villa-Lobos Ramirez
1992 Medisinmannen Medicine Man Dr. Robert Campbell
1993 Blodrød sol The Rising Sun Kaptein John Connor
1994 En god mann i Afrika A Good Man in Africa Dr. Alex Murray
1995 Kongens ridder First Knight Kong Arthur
I sannhetens tjeneste Just Cause Paul Armstrong
1996 The Rock John Patrick Mason
Dragonheart Stemmen til Draco
1998 Hevnere i kjole og hvitt The Avengers Sir August de Wynter
Kjærlighetens spill Playing by Heart Paul
1999 Entrapment Robert MacDougal
2000 Møtet med Forrester Finding Forrester William Forrester
2003 The League of Extraordinary Gentlemen Allan Quatermain

¤ For denne rolla vann han ein BAFTA-pris
¤¤ For denne rolla vann han ein Oscarpris for beste mannlege birolle

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sean Connery ved oscarutdelinga i 1988, der han vann prisen for beste mannlege birolle.
Foto: Alan Light

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. bbc.co.uk: Profile: Sir Sean Connery (12 March 2006)
  2. bbc.co.uk: «Sir Sean's pride at knighthood» (5 July, 2000)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sean Connery