Octopussy
- Sjå òg boka Octopussy and The Living Daylights, som ofte berre vert kalla Octopussy.
Octopussy er ein britisk James Bond-film frå 1983. Han er den trettande i rekkja og den sjette med Roger Moore i hovudrolla. Filmen er regissert av John Glen, filmmusikken komponert av John Barry.
Handling [endre]
Bond er på eit oppdrag på Cuba då han får melding om å returnere til London. Samtidig, i ein britisk base i Aust-Tyskland, kjem den døyeleg skadde, britiske agenten 009 tilbake og leverer eit falskt Fabergéegg før han døyr av store skader som Mishka og Grishka har gjeve han. Då Bond er på ein auksjon i London, ser han den afghanske prinsen Kamal Khan. Bond har fått vite om det falske Fabergéegget, og når han ser at Khan legg inn store bud på det, bestemmer Bond seg for å følgje etter Khan til India. I India bur Khan i eit monsunpalass. Han er rik, og har massevis av god mat og drikke, juvelar, ymse verdisaker, og atomvåpen. Han jobbar for den maktsjuke, sovjetiske General Orlov.
|
|
|
|---|---|
| Offisielle filmar | Dr. No (1962) · From Russia with Love (1963) · Goldfinger (1964) · Thunderball (1965) · You Only Live Twice (1967) · On Her Majesty’s Secret Service (1969) · Diamonds Are Forever (1971) · Live and Let Die (1973) · The Man with the Golden Gun (1974) · The Spy Who Loved Me (1977) · Moonraker (1979) · For Your Eyes Only (1981) · Octopussy (1983) · A View to a Kill (1985) · The Living Daylights (1987) · Licence to Kill (1989) · GoldenEye (1995) · Tomorrow Never Dies (1997) · The World Is Not Enough (1999) · Die Another Day (2002) · Casino Royale (2006) · Quantum of Solace (2008) |
| Uoffisielle filmar | «Casino Royale» (Climax!-episode) (1954) · Casino Royale (1967) · Never Say Never Again (1983) |