Jean Hey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Meister von Moulins 005.jpg Meister von Moulins 006.jpg Meister von Moulins 007.jpg

Moulins-triptykonet, ca 1498

Jean Hey (eller Jean Hay) er i dag identifsert, med rimeleg visse, som målaren kjend som Moulins-meisteren. Han var ein nederlandsk målar som frå ca 1475 til om lag 1505 arbeidde i Frankrike, mellom anna på oppdrag frå hertugane av Burgund.

Lite er kjent om Hey, som måla i ein stil som har gjort at mange kunsthistorikarar har meint han studerte under Hugo van der Goes. Heys mest velkjende verk er eit triptykon i katedralen i Moulins, eit arbeid som er datert til slutten av det 15. hundreåret. Midtdelen viser Madonnaen og Jesusbarnet tilbedd av englar, flankert av portrett av hertug Pierre II og hertuginna Anne de Beaujeu med dottera deira, Suzanne. Triptykonet er i ein framifrå tilstand, trass i at toppen og botnen av det har vorte kappa vekk ein gong føre 1830-åra. Tidleg i 1500-åra var Moulins-meisteren, Jean Hey, truleg hoffmålar hos hertug-ætta Bourbon i Paris.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jean Hey

Kjelder[endre | endre wikiteksten]