Jean Siméon Chardin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1775
Den unge lærarinna, 1736/37

Jean Siméon Chardin (2. november 16996. desember 1779) var ein fransk målar. Han braut med rokokko-stilen og dyrka det enkle både i interiørbilete og stilleben. Bileta hans er for det meste sjangerscener frå fransk kvardagsliv på 1700-talet, framstilt i ein livaktig og røyndomsnær stil som inspirerte seinare franske kunstmålarar som Gustave Courbet og Édouard Manet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Chardin var fødd i Paris og budde i byen livet ut. Faren var møbelsnikkar og høyrde såleis til den lågare borgarskapen. Chardin gjekk i lære hos historiemålaren Pierre-Jacques Cazes. Denne brukte kopiering av gamle koparstikk som undervisningsmetode. Etter ein tid fekk Chardin litt hjelp til å blande fargar av ein annan målar. Stort sett lærde han seg målekunsten utan hjelp av anna enn det han kunne sjå på museum og andre stader. Som sjølvlærd var han lite oppteken av tilhøva kring kunsthistoria, som kunstakademia la slik vekt på.

Chardin vart oppmoda om å syne nokre av stillebena sine på ei utstilling der andre unge målarar deltok. Bileta vakte merksemd og han fekk tilbod om å stille dei ut på «Grand Salon», hovudforumet i Paris for etablert kunst. Trass i at motiva var borgarlege og enkle, noko som braut med det rådande kunstsynet, vart han i 1728 medlem av det franske akademiet. Mange av arbeida til Chardin er pastellar, ei kunstform der han var svært dyktig.

Chardin stilte ut regelmessig og fekk ofte omtale i pressa. Tidleg fekk han suksess og vart vide kjend i fødebyen og i heimlandet, kanskje takka vere den omfattande distribusjonen av verka hans i form av trykk og etsingar. Bileta vart kopiert og trykt i store opplag, som også vart populære hos småborgarskapen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jean Siméon Chardin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]