Jens Brandt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jens Carl Peter Brandt (20. juni 184810. august 1912) var ein norsk jurist, godseigar og politikar frå Frogn.

Brandt var son til ein offiser som i si tid deltok i krigen 1807-14. Sjølv vart han student i 1865 og cand. jur. i 1869. Åra 1869-75 var han overrettssakførar i Frogn. I 1875 overtok han storgarden Fron etter far sin, der han atttåt landbruk også dreiv sagbruk, høvleri, mylnebruk og teglverk.

Brandt var frå 1884 til 1912 medlem av heradsstyret i Frogn, ordførar 1884-95. Han var med og stifta Frogn sparebank i 1884, var styreformann til 1911. Også åstadskommissær.

Åra 1900-06 var Brandt stortingsrepresentant for Akershus amt. Han var medlem av Lagtinget og næringskomite nr 1, samt i 1904 av komiteen som drøfta endringar i Stortinget sin forretningsorden. Brandt var interessert i fredsarbeid og deltok på fleire fredskongressar i Haag.

Han døydde på garden sin i Frogn i 1912.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914