Jens Jensen Gram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Jensen Gram
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1779
København
Død

2. november 1824 (45 år)
Christiania

Yrke politikar, jurist
Språk norsk

Jens Jensen Gram (12. februar 17792. november 1824) var ein dansk-norsk embetsmann og stortingsmann.

Gram var fødd i København. Han var ferdig utdanna cand. jur. i 1804. Frå 1806 til 1810 var han tilsett i kanselliet. 1810 tilsett hos sorenskrivaren i Ringerike og Hallingdal, år 1815 vart han sjølv sorenskrivar i same. Året etterpå kjøpte han godset Ask i Ringerike og busette seg der.

Ved valet til riksforsamlinga i 1814 var Gram 1. varamann frå Buskerud. Både til Stortinget i 1818 og 1821 var han representant frå amtet. Også ved det overordentlege storting 1822 var han til stades. På alle desse tinga var han odelstingspresident. Han var medlem av 23 komitear både i 1818 og 1821. I 1818 var han formann i fire komitear, medan han i 1821 var formann i sju. På stortinget høyrde Gram til opposisjonen, men bøygde av då han kom under press frå kongen.

Gram døydde i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]