Jialing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over nedslagfeltet til Jialing og sideelvane
Jialing nær Hechuan i Chongqing.

Jialing (kinesisk: 嘉陵江, pinyin: Jīalíng Jiāng) er ei elv i provinsane Gansu, Shaanxi, Sichuan og Chongqing i Kina. Ho er ei sideelv til Chang Jiang. Elva er 1 119 km lang, med eit nedslagsfelt på 160 000 km² og ei middelvassføring på 2 130 m³/s.

Elveløp[endre | endre wikiteksten]

Elva har sine kjelder vest i Qin Ling-fjella i dei sørlege delane av provinsane Gansu og Shaanxi. Ho får namnet Jialing i fylket Feng i Shaanxi, og renn så gjennom Jialingdalen sørvestover langs grenseområda mellom dei to provinsane. Gjennom denne ferda tek ho opp i seg fleire sideelvar frå vest, den største er Xihan. Elva vender så mot sør og renn gjennom Daba Shan og inn i den nordlege delen av provinsen Sichuan. Ved Zhaohua sør for byen Guangyuan renn ho i hop med sideelva Bailong, som kjem frå vest.

I elvas midtre løp, mellom Zhaohua og Hechuan, renn ho gjennom eit åslandskap med rismarker i terrassar. Elveløpet er her svært svingete, så om avstanden i luftlinje er 200 km lang så er elva 600 km lang på denne strekninga. Langs denne delen av elva ligg byane Cangxi, Langzhong, Nanbu og Nanchong.

Jialings nedre løp byrjar ved Hechuan, der ho renn saman med dei to store sideelvane Qu, frå aust, og Fu frå vest. Mellom Hechuan og Chongqing går elva gjennom dei opptil 1 000 meter høge fjella i Huaying Shan. Elva dannar her tre kløfter, Libi, Wentang og Guanyin, som også vert «Dei mindre Tre Kløfter i Jialing», som motsats til dei store «Tre Kløfter» langs Chang Jiang. Jialing munnar ut i Chang Jiang i sentrum av Chongqing.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Dei midtre og nedre delane av elva er seglbar for djunkar. Ho vert mykje brukt til vasstransport på dei nedre strekningane, nær Chongqing.

I dei øvre delane av Jialingdalen er Jialing ein viktig transportveg mellom Weidalen i nord og byane i Sichuan-bekkenet i sør, og hovudvegar og jarnbaner går meir eller mindre parallelt med elva.