Joachim Grieg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Joachim Grieg (19. desember 18497. desember 1932) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Bergen.

Joachim Grieg var nevø av komponisten Edvard Grieg. Han vart skipskaptein i 1874, og deltok som førar av skipet «Vøringen» i den norske nordhavsekspedisjonen 1876–78. 1. januar 1884 grunnla han si eiga skipsmeglar- og frakteforretning i Bergen. Då broren Halfdan trådde inn i 1920, fekk ho namnet Joachim Grieg & Co. I 1898 oppretta han ein filial i Kristiania.

Grieg var frå 1886 medlem av bystyret i Bergen, og var med i styret for Den Nationale Scene. Han hadde òg verv i Harmonien. I 1919 kjøpte han Troldhaugen av Nina Grieg, enka etter Edvard Grieg. I 1925 overdrog han eigedommen til Fana kommune.

19061909 representerte han Bergen på Stortinget, for Samlingspartiet. I 1904 var han medlem av konsulatkomiteen, og i 1907 var han delegert for Noreg ved fredskonferansen i Haag. I 1913 var han medlem av komiteen som skulle førebu den tredje Haag-konferansen, og etter fyrste verdskrigen vart han medlem av ein komite som skulle reie ut spørsmål vedkomande Folkeforbundet.

Utmerkinger[endre | endre wikiteksten]

Grieg var portugisisk visekonsul frå 1882. Han var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]