Joan Miró

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joan Miró

Verkeleg namn Joan Miró i Ferràkatalansk
Statsborgarskap Spania
Fødd 20. april 1893
Barcelona
Død

25. desember 1983 (90 år)
Palma

Yrke kunstmålar, litograf, keramikar, bilethoggar, frimerkekunstnar, tapestry designer, designar, scenograf, grafikar, tekstilkunstnar
Språk spansk, katalansk
Medlem av Collège de ’Pataphysique, Royal Academy of Arts, American Academy of Arts and Sciences
Ektefelle Pilar Juncosa
Joan Miró på Commons

Joan Miró (20. april 189325. desember 1983), fødd i Barcelona, død i Palma de Mallorca, var ein spansk (katalonsk) kunstmålar, skulptør og keramikar. Miró var ein av dei viktigaste representantane for den kunstretninga som fekk nemninga surrealisme.

Mirós verk speglar interessa hans for det undermedvitne, for den «barnlege anden», og for sitt opphavsland, som for Miró fyrst og fremst var sjølve området Catalonia i Spania. Ved debuten synte han sterk påverknad frå kunstretningar som fauvisme, kubisme og ekspresjonisme, men utvikla etter kvart ein personleg flatestil med naive stildrag. Måleriet La Ferme frå 1920 (no i National Gallery of Art i Washington, D.C. i USA) er eit av det mest vidgjetne verka frå denne perioden.

I 1919 reiste Miró fyrste gongen til Paris i Frankrike, og var ut på 1920-talet meir og meir knytt til denne byen. Frå denne tida av vart arbeida hans meir og meir prega av det draumeaktige, i samsvar med dei hovudideane som låg til grunn for den surrealistiske kunstretninga, som han slutta seg til. Men i 1930-åra framheve han ved fleire høve eit ynske om å stå fritt frå alle konvensjonelle, målariske metodar, for heller « les tuer, les assassiner ou les violer » («drepe, myrde og valdtake dei»). Han ville ikkje bøye seg for nokre krav, korkje dei estetiske, metodemessige eller dei surrealistiske.

Til Mirós ære, og med midlar og verk frå han, vart det i 1975 skipa ei stifting i Barcelona, Fundació Joan Miró, som er eit kunst- og kultursenter med mål å presentere dei nye tendensane i samtidskunsten. Andre utstillingsstader med viktige samlingar av Mirós verk er Fundación Pilar i Joan Miró i Palma de Mallorca, Musée national d'art moderne i Paris, le musée d'art moderne de Lille i Lille i Frankrike og Museum of Modern Art i New York.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]