John Henry Newman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

John Henry Newman (21. februar 180111. august 1890) var ein engelsk teolog, kardinal og salmediktar.

Newman var ein av leiarane i Oxfordrørsla, men konverterte til katolisismen i 1845. Som teolog la han stor vekt på den historiske utviklinga av kristentrua og det vekte mishag hos kyrkjeleiinga.

Dei samla skriftene til Newman omfattar 40 bind, og 21 000 brev etter han er bevart. Han er mest kjend for den sjølvbiografiske Apologia pro vita sua (1864).

22. januar 1991 utnemde pave Johannes Paul II Newman til venerabilis («vørdnadsverd») som er det andre steget i kanoniseringsprosessen. Pave Benedikt XVI saligkåra han 19. september 2010.

Salmen Leid, milde ljos er omsett frå Lead, Kindly Light, amid the encircling gloom som Newman skreiv i 1833.

Newman var bror til Francis William Newman.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av John Henry Newman ved Wikisource.