Francis William Newman
Francis William Newman (27. juni 1805–7. oktober 1897) var ein engelsk polyhistor.
Newman og broren John Henry Newman fikk begge utdanning ved Ealing og seinare ved Oxford, der Francis William hadde ei strålande karriere. Han blei vald til fellow of Balliol, men på grunn av samvetsproblem i samband med barnedåp sa Newman frå seg denne posten og begav seg til Bagdad som misjonsassistent. Dette kallet sa han òg frå seg då han ikkje heilt og fullt kunne stille seg bak den anglikanske kyrkja sitt syn på den evige straffedom.
I 1840 blei Newman professor i latin ved Manchester new college og var professor i romersk litteratur ved University college i London i perioden 1846 til 1869.
I 1849 kom The Soul, her Sorrows and Aspirations ut, og i 1850 Phases of Faith, or Passages from the History of my Creed. Den førre er ei kjenslevar, men søkande analyse av sambandet mellom menneskesjela og Skaparen; den siste ein religiøs sjølvbiografi som i detalj skildrar vegen han hadde gått frå kalvinisme til rein teisme. Det er desse to skriftene Newman sitt ry er basert på, da han her viser ei intens sanningsøking og ikkje legg for dagen det eksentriske tankesettet som elles skjemmer det meste av skriftene hans – med unntak for bidraga hans innan matematikk og orientalsk filologi.
Newman hadde enormt store kunnskapar på vidt ulike felt, han skreiv om logikk, politisk økonomi, engelske reformar, australsk politikk, romersk historie, grammatikk, dei mest ugjennomtrengelege tema innan matematikk, arabisk, kritisk revisjon av greske tekstar, berberspråk og dialekta på Iguvine-tavlene. I alle desse skriftene viste han ein stor gåverikdom, men så sant temaet gjorde det mulig kraup den uhelbredelege eksentrisiteten hans fram. Den siste boka hans, Contributions chiefly to the Early History of Cardinal Newman (1891), blei allmennt fordømd fordi den viste at han var fullstendig utan kjensler for bror sin. Francis William Newman var utan broren sin evne til fornuftig resonnering og mangla heilt humoristisk sans, noe som i blant gjorde han til målskive for andre sin humor.
[endre] Verk i utval
- Handbook of modern arabic (1863)
- Dictionary of modern arabic (1871)
- History of the hebrew monarchy (1847; 3. opplag 1865)
- Regal Rome (1852)
- Hebrew theism (1874)
- Life after death (1887)
- The soul, her sorrows and her aspirations (1849; 9. opplag 1882)
- Phases of faith (1850; 2. opplag 1881)