John William Edy
John William Edy (ca. 1760–ca.1820)[1] var ein engelsk kunstmålar og teiknar.
Han arbeidde for forleggjaren John Boydell i London, ofte anonymt.[2]Sumaren 1800 var Edy i Noreg på oppdrag for Boydell saman med landskapsmålaren William Fearnside. Dei var i Noreg frå 31. juli og til slutten av september same år.
Edy utførde fleire teikningar på reisa, blant anna frå Ny-Hellesund som var plassen reisekameratane kom til fyst.[3] Han er også kjend for teikningane sine frå Oslo og Moss. I Moss måla han hovudbygninga på Moss Jernverk, Konvensjonsgården; måleriet heiter «Höyvelbårne B. Ankers Huus i Moss». [4] Eit håndkolorert kobbarstikk i fargar finns på Stortinget.[5]
Boydells Picturesque Scenerey of Norway kom ut i London i 1820.[2] Historikaren Ole Andreas Øverland ga ut ei norsk utgåve kalla Det gamle Norge i billeder og tekst i 1910. Boka hadde undertittelen Planer til en «malerisk reise gjennom Norge» J. W. Edys tegninger fra aar 1800 og inneheld to plansjer i fargar og dei øvrige er i sort-kvitt.[2]
Referansar [endre]
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Forord fra Det gamle Norge i billeder og tekst frå Prosjekt Runeberg
- ↑ Jan G. Langfeldt: Kunstneres og forfatteres interesse for Ny-Hellesund
- ↑ Höyvel. B. Ankers Huus i Moss fra Digitalt Museum
- ↑ Hovedbygningen på Moss jernverk frå Stortinget
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «John William Edy» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mai 2012.