Jon B. Higgins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jon Borthwick Higgins (18. september 19397. desember 1984) var ein musikar og musikkakademikar frå USA som særleg var kjend si utøving og formidling av karnatisk musikk.

Jon Higgins var fødd i Andover i Massachusetts og studerte ved Wesleyan University i Connecticut. Her tok han gradene B.A. i musikk og historie i 1962, M.A. i musikkvitskap i 1964 og Ph.D. i etnomusikologi i 1973 med ei avhandling om musikken til den klassiske danseforma bharatanátyam. Saman med mridangamspelaren Trichy Sankaran grunnla han eit studieprogram for indisk musikk ved York University i Toronto i 1971.

Higgins studerte karnatisk musikk i Chennai i 1964-67 og debuterte som songar den store Tjagaradjafestivalen i 1965. Han heldt fram med studia og blei etter kvart sett på som ein kjenslevar tolkar av karnatisk musikk. Av somme blei han kalla Higgins Bhagavatar, ein tittel gjeven til store musikarar. I tillegg til å vinna tilhengarar i India hjelpte songaren òg til med å gjera karnatisk musikk kjend og kjær i USA.

Ein full bilførar køyrde på Jon Higgins då han gjekk tur med hunden, og songaren døydde, berre 45 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]