Chennai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
சென்னை, Chennai
Sørlege bydelar av Chennai
Sørlege bydelar av Chennai
Styresmakter
Land
Delstat
Distrikt
India
Tamil Nadu
Chennai
Borgarmeister M. Subramaniam
Geografi
Flatevidd
 - By

181,06 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

4 352 932
  24,041/km²
7 066 778
Koordinatar 13°5′24″N 80°16′12″EKoordinatar: 13°5′24″N 80°16′12″E
Høgd over havet 6 moh. (gjennomsnitt) m
Tidssone IST (UTC+5:30)
Diverse anna
Postnummer 600 xxx
Telefon-retningsnummer +91 (0)44
Bilnummer TN-01, 02, 04, 05, 07, 09, 10
Heimeside: www.chennaicorporation.com
Plassering
Chennai i India
Chennai i India

Chennai, tidlegare Madras, er ein hamneby på Koromandelkysten i India, ved Bengalbukta. Han er hovudstaden i delstaten Tamil Nadu og er med sine 7,6 millionar innbyggjarar (est. 2007) den fjerde største byen i India, etter Mumbai, Delhi og Kolkata.

Chennai er eit kulturelt og økonomisk senter. Han har flyplass, hamn, jarnbanestasjon og er eit vegknutepunkt med fem nasjonale motorvegar som går derfrå til byar som Kolkata, Bangalore, Trichy, Tiruvallur og Puducherry. Bil- og dataindustri og finans er dei viktigaste næringsvegane.

Byen har eit universitet og fleire høgskolar og er ein viktig arena for karnatisk musikk, dans, tamilsk film og teater. Han har fleire gamle hindutempel, som Kapaleeswarar og Parthasarathy, og den eldste britiske festninga i India, Fort St George, ligg her. Chennai er kjend for den 12 km lange sandstranda Marina Beach og for Guindy nasjonalpark, eitt av få slike område som ligg innanfor ei bygrense. I november 2013 er byen vertskap for verdmeisterskapen i sjakk mellom Magnus Carlsen og Viswanathan Anand

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fort St. George i ei skisse frå 1700-talet.

Området har vore hamn og bysenter for fleire sørindiske rike, som Pallava-, Tsjola-, Pandya- og Vidjayanagar-rika. Mylapore, som i dag er ein del av storbyen Chennai, var ein viktig hamneby for Pallavariket. Portugisiske sjøfarar grunnla hamna São Tomé der i 1522, etter apostelen Thomas som skal ha misjonert i området, og nederlendarane slo seg ned nær Pulicat, nord for byen, i 1612.

Dagens by blei grunnlagd som ein handelsstasjon av det britiske austindiakompaniet i 1639 og fekk namnet Madras etter fiskarlandsbyen Madraspatnam. Britane bygde festninga Fort St. George, og busetjinga voks etterkvart saman med småbyen Chennapatnam i sør, som gav opphav til det tamilske bynamnet Chennai. Dette blei offisielt namn i 1996, i samband med ei rekke andre endringar av namn frå kolonitida. Byen blei utnemnd til presidency (ein slags provins) i 1654, og la som Madras Presidency gradvis under seg store delar av Sør-India. Frankrike tok kontroll over byen i 1746, men gav han tilbake til Storbritannia gjennom freden i Aachen i 1748.

Etter at India fekk sjølvstende i 1947 blei Madras hovudstaden i Madras State, som i 1968 fekk namnet Tamil Nadu.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilde av Chennai. Kjelde: NASA.
Administrativ inndeling av Chennai.
1. Egmore-Nungambakam
2. Fort Tondiarpet
3. Mambalam-Guindy
4. Mylapore-Triplicane
5. Perambur-Purasawalkkam.

Chennai ligg på ei kystslette ved den indiske Koromandelkysten. Det renn to elvar gjennom byen, Koovam og Adyar, som begge er svært ureina.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Chennai har eit tropisk klima som hovudsakleg er varmt og fuktig. Byen ligg på varmeekvatoren og ved kysten, slik at han unngår dei verste temperatursvingingane. Den varmaste delen av året er slutten av mai og byrjinga av juni (kjend som Agni nakshatram ‘eldstjerna’ eller kathiri veyyil ‘skjerande varme’), då maksimaltemperaturen kan ligga på 38–42 °C. Den kjøligaste delen av året er januar, med minimumstemperaturar på 19–20 °C. Den gjennomsnittlege nedbørsmengda er om lag 1 300 mm med ein rekord på 2 570 mm i 2005. Nordaustmonsunen er frå midten av september til midten av desember

Vasstilførsel[endre | endre wikiteksten]

Historisk har Chennai hatt stadig vassmangel ettersom ingen store elvar renn gjennom han, og hovudtilførselen av vatn har vore den årlege monsunen. Grunnvatnet har sokke fleire stader, og ibuarane i byen har måtta kjøpa eller få vatn køyrt inn med tankbilar. Fleire prosjekt utvikla i løpet av 2000-åra, som regnhausting, nye kanalar, utbygging av Veeranam-reservoaret og drikkevassutvinning frå sjøvatn, har betra vasstilførselen.

Busetjing[endre | endre wikiteksten]

Gate i Adambakkam.

Frå 1600-talet utvikla byen seg ved at lokale folk busette seg i området rundt Fort St. George. Dagens bysentrum er framleis prega av landsbyane som voks fram utan nokon byplan. Seinare har ein laga eit gatenett som går nord-sør og aust-vest. Dei viktigaste bustadsområda er vest og sør i byen, medan nord og nordvest er prega av industri.

Dagens Chennai er delt inn i fem talukaer: Egmore-Nungambakam, Fort Tondiarpet, Mambalam-Guindy, Mylapore-Triplicane og Perambur-Purasawalkkam. Det samanhengande byområdet inkluderer også byane Mahabalipuram i sør, Chengalpattu i sørvest og Kanchipuram, Sriperumpudur, Tiruvallur og Arakkonam i vest.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Chennai hadde i 2001 4,2 millionar innbyggjarar i bykjernen og 6,4 millionar i det samanhengande byområdet. Heile 18 % bur under tilhøve klassifisert som slum. Lese- og skrivekunna 80,14 % er derimot god samanlikna med det nasjonale snittet på 64,5 %.

Størsteparten av innbyggjarane er tamilar med tamil som morsmål. Mange kan engelsk, og Chennai-dialekten er kjend for å ha mange engelske lånord. Det bur større grupper telugu-, malayalam og urdu-talande her, og på grunn av Chennai sin sentrale posisjon for transport under kolonitida finst det også grupper av anglo-indarar, bengalarar, godjaratiarar marwariar og pandjabarar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Fiskebåtar og nett på stranda i Chennai.
Foto: Kavaiyan

Chennai har fleire store industriar som særleg blir støtta av hamnene Chennai og Ennore. Børsen Madras Stock Exchange er senter for finansmiljøet i Sør-India.

Verksemder som har fabrikkar i Chennai er køyretøyfabrikantane Ashok Leyland, BMW, Caterpillar, Ford, Hyundai, Mitsubishi og Royal Enfield, elektronikkverksemdene Dell, Cisco, Infosys, Flextronics, Motorola, Nokia, Sun Microsystems, Samsung, Siemens, Sony-Ericsson og TVS Electronics, programvarefirma som Cognizant, Covansys, IBM, Verizon og iSoft, og andre verksemder, som Accenture og Saint-Gobain.

Byen eksporterer mykje lêr, jernmalm og bomullstøy. Andre viktige industriar er produksjon av køyretøy, elektronikk, gummi, gjødsel, petroleumsprodukt og programvare. Tradisjonelt fiske blir stadig utført frå strendene ut mot Det indiske havet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Byen husar fleire kulturelle institusjonar, som Madras Music Academy for den klassiske sørindiske musikken, Kalakshetra-senteret for dans og musikk og Rasika Ranjini Sabha i Mylapore som tek for seg teater. Den tamilske filmindustrien har hovudsete i forstaden Kodambakkam, og både staden og industrien er kjend under namnet «Kollywood».

Ei kvinne fortel Ramayana under Sangamam-festivalen.
Foto: Badri Seshadri

Vanlege indiske og tamilske høgtider blir feira i stort mon i Chennai, særleg dipavali, tamilsk nyttår, thaiposam og pongal, den sistnemnde også kjend som tamiḷar thirunal, 'festivalen åt tamilane'. Muslimsk id og kristen jul blir også tydeleg markerte. Det blir feira fleire store høgtider blir feira i samband med dei ulike templa,

Av nyare festivalar kan nemnast den karnatiske musikkfestivalen Madras Music Season i desember, ungdomsfestivalen Saarang som finn stad i januar, og Chennai Sangamam i februar som er skapt for å visa fram tamilsk kultur av alle slag.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Madras Medical College blei grunnlagd i 1835 og Universitetet i Madras i 1857, medan den juridiske institusjonen som no er kjend som Dr. Ambedkar Government Law College blei grunnlagd i 1891. Nyare utdanningsinstitusjonar i byen er Anna University, Indian Institute of Technology (IIT) og forskingssentera Central Leather Research Institute og Regional Laboratories of the Council of Scientific and Industrial Research.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Det ligg fleire gamle tempel spreidd utover i byen. Dei best kjende er Kapaleeswarar-tempelet i Mylapore og Marundeeswarar i Tiruvanmyur frå 1000-talet, som begge er vigde til Sjiva, Krisjna-tempelet Parthasarathy i Tiruvallikeni, Palaniandavar-tempelet til Murugan i Vadapalani, og Ashtalakshmi-tempelet i Besant Nagar, som er tileigna alle dei sju formene av Laksjmi. Santhome-basilikaen er ei portugisisk kyrkje frå 1300-talet.

Monumentalarkitektur i ei blanding av indisk og europeisk stil minner om kolonitida, til dømes gjennom jarnbanestasjonen Chennai Central frå 1873, rettsbygningen Madras High Court frå 1892, eller administrasjonsbygget Ripon Building frå 1913.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chennai

Kjelder[endre | endre wikiteksten]