Indisk musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Musikk til regntidsfeiringa til gudeparet Radha og Krisjna. Ragamalabilete frå Kangra ruddt 1790.

Indisk musikk omfattar musikk frå India og tilknytte område. Musikken er mangefasettert, men blir gjerne grovdelt i folkemusikk, popmusikk og klassisk indisk musikk.

Ulike folkemusikktradisjonar til mange høve finst blant dei mange ulike indiske folkegruppene og regionane, og omfattar ulike typar song, dans og mange typar instrument. Klassisk musikk har høgare status, ein meir formalisert tradisjon og eit tungt teoretisk grunnlag, men tek gjerne utgangspunkt i til dømes folkesongar. Popmusikken er dominert av indisk filmmusikk, som har teke imot inspirasjon frå både folkeleg og klassisk tradisjon, i tillegg til vestlege musikkteknikkar.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Musikk i India har svært gamle røter. Ein finn døme på musikkmaking både i holemåleri i Bhimbetka-holene sentralt i India, som var folkesette for rundt 10 000 år sidan, og frå den over 5000 år gamle Indusdalsivilisasjonen.

Musikken har hatt ei viktig religiøs stilling minst sidan utviklinga av Vedaene. Særleg Samaveda inneheld songar knytte til religiøse ritual. Frå gammalt av kjenner ein også til bruk av musikk og dans i samband med tempel og høgtider, som skildra i Natyasjastra eller Silapattikaram. Rike og mektige fyrstar la også stor vekt på å understøtta dyktige musikarar ved hoffa sine. Det voks fram skilje mellom «klassisk» og «folkeleg» musikk, men dei ulike tradisjonane fortsette å verka inn på kvarandre.

Klassisk musikk[endre | endre wikiteksten]

Karnatiske musikarar

Klassisk indisk musikk er delt inn i to hovuddelar, karnatisk musikk frå Sør-India og hindustanimusikk frå Nord-India og tilgrensande område. Begge tradisjonane bygger på felles omgrep som raga, sjruti, svara, alankar og tala, med noko ulike utformingar. Emne for musikken kan ofte vera religiøse, knytt til både hinduismen og islam.

Klassisk musikk blir som regel framførte i små ensemble med visse faste instrument, som handtrommer, strengeinstrument, blåseinstrument og ofte songarar. Musikarane studerer musikk i fleire år, som regel i eit personleg læreforhold hjå ein guru.

Til «lettare» eller «halvegs» klassisk indisk musikk kan ein rekna sjangrar som thumri, dadra, ghazal, chaiti, kajri, kaththa og tappa. Klassisk indisk musikk kan framførast åleine eller til visse former for indisk dans, særleg klassisk dans.

Folkemusikk[endre | endre wikiteksten]

Perkusjonsmusikk i eit tempel i Kerala til den rituelle dansen thidambu-nritham.

Ei rekkje ulike typar tradisjonsmusikk spela på mange ulike instrument finst over heile India. Folkegrupper, stammar og regionar kan ha sine typar musikk. Musikken er gjerne mindre formell enn klassiske typar. Han har ei rekkje ulike bruksområde, til dømes ved bryllaup og andre feiringar, høgtider og andre heilage høve.

Nokre typar folkemusikk er baulmusikk, religiøs musikk laga av grupper av hemmelege innvigde frå Bengal, bihumusikk frå Assam, bhangra, ei opphavleg panjabisk musikk- og danseform som er utbreidd over heile India og verda, brassband, med britiske og militære anar som etterkvart har fått ei indisk form, garba frå Gujarat og rajasthanimusikk som ofte blir laga av eigne musikarkaster. Ein type protest- eller fridomsmusikk kalla ganasangeet kan også reknast til folkemusikken.

Populærmusikk[endre | endre wikiteksten]

Komponisten A.R. Rahman opptrer i Sydney i 2010.

Den mest utbreidde typen populærmusikk er «filmi», eller songar frå indisk film. Desse blir utbreidde til heile landet, og står for over 70 % av musikksalet i landet.[1] Både komponistar og songarar bak denne musikken kan oppnå stor ry. Kjende «playback-songarar», som ikkje opptrer i filmen men syng for ein skodespelar, er mellom anna Mohammed Rafi, Kishore Kumar, Asha Bhonsle og Lata Mangeshkar. Kjende filmkomponistar er til dømes Hemant Kumar, R.D. Burman, Naushad Ali, Ilaiyaraaja og A.R. Rahman. «Filmi» musikk blir typisk framført som eit dansenummer og kan ha ei rekkje ulike musikalske innverknader, både indiske og vestlege.

Indisk rock og pop utan tilknytting til film er mindre, men viktige sjangrar innan indisk populærmusikk. Desse er gjerne mest knytt til dei indiske storbyane.

Indisk og utanlandsk musikk[endre | endre wikiteksten]

Frå midten av 1900-talet blei indisk musikk del av vestleg rockemusikk, gjennom bruk av indiske instrument og musikarar. Det best kjende dømet er truleg George Harrison sitt sitarspelBeatlessongen «Norwegian Wood» frå 1965. Læremeisteren hans, Ravi Shankar, samarbeidde også med jazzmusikarar som Bud Shank og John Coltrane.

Indisk musikk har seinare verka inn på utviklinga av britisk musikk både av indiskætta musikarar, som i britisk bhangra, og heilt eller delvis engelskætta, som i gruppene Cornershop og Kula Shaker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Indisk musikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 72 % i 2009. Pinglay, Prachi (December 10, 2009), Plans to start India music awards, http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/south_asia/8405891.stm, henta May 19, 2010 
  • «India», «Silappathikaram» i Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.