Jon Samseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jon Samseth

Jon Samseth (fødd 23. juli 1954 i Trondheim), er ein norsk sivilingeniør og professor i fysikk. Han har eksamen frå NTNU (tidlegare Noregs tekniske høgskole (NTH), i 1981. Han har Diplôme d'ingénieur (Petroleum economics) frå École Nationale Supérieure du Pétrole et des Moteurs (ENSPM) i Frankrike i 1983. Samseth har doktorgrad i fysikk (PhD) frå Massachusetts Institute of Technology (MIT) i 1988[1].

Han er professor i energifysikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus. I tillegg er han professor II ved Institutt for kjemisk prosessteknologi ved NTNU og fast vitskapleg rådgivar for SINTEF materialer og kjemi.

Professor Samseth har forska på såkalla mjuke material. Innanfor dette feltet har han nytta nøytronspreiing til å studere surfaktant-system, herunder miceller og mikroemulsjonar, aerogelar og blokk-copolymerar. Sidan 2004 har han vore involvert i studiet av nanostrukturelle polymer-membranar til separering av ulike gassar [2].

Samseth har vore engasjert i internasjonalt arbeid gjennom IUPAP. Mellom anna var han medlem av IUPAP si første arbeidsgruppe i energi der ein studerte dei ulike energikjeldene [3]. I 2012 har han fått i oppdrag å etablere og leie ei ny arbeidsgruppe i energi av IUPAP. Han var medlem SCOPE si evalueringsgruppe på biodrivstoff[4]. I åra 2010 til 2013 har han vore vitskapleg sakkunnig og deltatt i skrivearbeidet av UNEPs årbøker. I årboka for 2012 var han ansvarleg for kapitlet om dekommisjonering av kjernekraftverk.[5]

Samseth er president i SCOPE frå 2014.

Professor Samseth er med i den offentlege debatten på energispørsmål, særleg om bruk av kjernekraftverk og held mange faglege og populærvitskaplege foredrag om desse emna. Samseth tar opp etiske spørsmål knytte til energi og ser på kjernekraft som ein naturleg del av energisystemet på linje med fornybar energi. Han blir ofte brukt av media, ikkje minst i samband med ulykka i Fukushima.

I 2012 vart Samseth valt inn i Noregs Tekniske Vitskapsakademi (NTVA).[6]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://library.mit.edu/F/F6KYG8869LYU6DKHXCJLV6FIQURTGLHFT1RQRJUFLTXYL4A6TA-19696?func=find-acc&acc_sequence=014138637 Thesis
  2. Lei Shao, Jon Samseth, May-Britt Hägg. ”Crosslinking and Stabilization of Nanoparticle Filled Poly(1-trimethylsilyl-1-propyne) Nanocomposite Membranes for Gas Separations”, Journal of Applied Polymer Science, 113, 3078-3088, 2009
  3. http://iupap.org/wg/wg6/index.html IUPAP working on energy
  4. http://www.eeb.cornell.edu/howarth/SCOPEBiofuels_home.html SCOPE biofuel report
  5. http://www.unep.org/yearbook/2012/ UNEP yearbook 2012
  6. http://www.ntva.no/index.php?option=com_content&view=article&id=306:nye-medlemmer-periode-1-2010&catid=3:medlemmer&Itemid=3