SINTEF

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

SINTEF er eit forskningskonsern som sel forskingsbasert kunnskap og tilhøyrande tenester basert på innsikt i teknologi, naturvitskap, medisin og samfunnsvitskap. Det fulle namnet var, inntil ei vedtektsendring i 2007, «Selskapet for industriell og teknisk forskning ved Norges tekniske høgskole». I dag er SINTEF organisasjonens fulle namn. SINTEP er Skandinavias største forskingskonsern.[treng kjelde]

SINTEF er ei ikkje-kommersiell forskingsstifting med dotterselskap. Heile overskotet blir investert i laboratorium, vitskapleg utstyr og ny forsking.

Hovudkontoret ligg i Trondheim, men konsernet har òg ca 350 tilsette i Oslo. I tillegg har SINTEF verksemd i Bergen, Stavanger, Ålesund, Tromsø og på Raufoss, og kontor i Houston, Texas (USA), Rio de Janeiro (Brasil), og laboratorium i Hirtshals i Danmark.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Konsernet består av stiftinga SINTEF samt forskingsakskjeselskapa MARINTEK, SINTEF Energi AS, SINTEF Fiskeri og havbruk AS og SINTEF Petroleumsforskning AS. I tillegg er SINTEF Holding etablert for å skilje aktivitet i grenseland mellom kommersiell verksemd og forsking ut frå kjerneverksemda.

SINTEF er organisert i følgjande konsernområde:

  • SINTEF Byggforsk
  • SINTEF IKT
  • MARINTEK
  • SINTEF Fiskeri og havbruk AS
  • SINTEF Materialer og kjemi
  • SINTEF Energi AS
  • SINTEF Petroleumsforskning AS
  • SINTEF Teknologi og samfunn

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]