Jonathan Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonathan Johnson

Fødd25. mai 1866
Nøtterøy kommune
Død22. mai 1953 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
FarGisle Johnson
BarnLauritz Johnson
Alle verv

Jonathan Johnson (25. mai 186622. mai 1953) var ein norsk lærar og Høgre-politikar frå Oslo. Gisle Johnson var far hans, Lauritz Johnson son hans.

Johnson vart student i 1883 og cand. theol. i 1887. Han var lærar ved den kommunale jenteskulen i Tønsberg frå 1889, deretter i middelskulen frå 1895 og ved den høgare allmennskulen frå 1902, også i Tønsberg. Frå 1913 hadde stilling som overlærar og frå 1920 som lektor ved same skulen.

Han var medlem av heradsstyret i Nøtterøy frå 1896 til 1928. I seks samanhengande valperiodar, frå 1898 til 1916 var han ordførar. Johnson var 3. varamann frå Jarlsberg og Larviks amt til Stortinget 1903, møtte ikkje på tinget, då. Derimot representerte han einmannskrinsen Jarlsberg på Stortinget 1913-18. I den fyrste valbolken 1913-15 var han medlem av kyrkjekomiteen, i den andre valbolken var han sekretær i gasje- og pensjonskomiteen.

Johnson døydde på Nøtterøy i 1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]