Jordskjelvet i Shaanxi 1556

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart som viser dei provinsane som i 1556 vart råka av jordskjelvet i Shaanxi

Jordskjelvet i Shaanxi 1556 (kinesisk: 华县大地震; pinyin: Huàxiàn Dàdìzhèn) eller Jiajing-jordskjelvet (kinesisk: 嘉靖大地震; pinyin: Jiājìng Dàdìzhèn) var ein naturkatastrofe av enorme dimensjonar i Kina. Jordskjelvet er det mest dødbringande som nokon gong er notert, med omkring 830 000 omkomne.

Jordskjelvet fann stad morgonen 23. januar 1556 i Shaanxi, medan Ming-dynastiet rådde i Kina. Meir enn 97 fylke i provinsane Shaanxi, Shanxi, Henan, Gansu, Hebei, Shandong, Hubei, Hunan, Jiangsu og Anhui vart råka. Eit 840 kilometer vidt område vart øydelagt, i somme fylke omkom opptil 60% av ibuarane. Størstedelen av folket i området budde den gongen i yaodongs, menneskeskapte holer i løssberg. Mange av desse holene og bustadane kollapsa med store tap av menneskeliv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]