Jiangsu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jiangsu
kinesisk skrift 江苏, pinyin Jiāngsū
Uttale
Plassering
Jiangsu si plassering i Kina
Jiangsu si plassering i Kina
Jiangsu si plassering i Kina
Styresmakter
Land Folkerepublikken Kina
Hovudstad Nanjing
Leiar Xu Kunlin
Geografi
Flatevidd 98 285 kvadratkilometer
Annan informasjon
Nettstad: http://www.jiangsu.gov.cn
Namnet Jiangsu med forenkla kinesisk skrift øvst og tradisjonell kinesisk nedst.

Jiangsu er ein provins på austkysten av Folkerepublikken Kina. Elva Chang Jiang munnar ut i Gulehavet i Hubei. Namnet på provinsen er danna frå Jiang, ei forkorting av bynamnet Jiangning, dagens Nanjing, og su for byen Suzhou. Den kinesiske enkeltteiknforkortinga er 苏 for Su. Jiangsu dekker eit flatemål på 187 500 km². Folketalet er i 2010 berekna til 57,2 millionar. Nanjing er hovudstad i provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jiangsu er både lågtliggande og svært flatt. Sletter dekker 68 prosent av flatevidda, vatn dekker 18 prosent. Mesteparten av provinsen ligg under 50 meter over havnivå. Landskapet i Jiangsu er sterkt prega av eit svært godt utbygd irrigasjonssystem, særleg dei sørleg delane av provinsen. Av den grunn har Jiangsu fått kallenamnet vasslandet. Keisarkanalen går gjennom Jiangsu frå nord til sør, tvert gjennom alle elvesystema som går aust-vest. Jiangsu grensar mot Gulehavet. Chang Jiang, den lengste elva i Kina, renn gjennom provinsen i sør og når Austkinahavet. Jiangsu har fleire store innsjøar, mellom dei Tai Hu, Hongze, Gaoyou, Luoma og Yangchengsjøen. Yuntai, nær byen Lianyungang, er det høgste punktet i provinsen, med ei høgde på 625 meter.

Historisk var Huai He ei stor elv i det sentrale Kina og samstundes grense mellom Nord-Kina og Sør-Kina. Ho rann tvert gjennom det nordlege Jiangsu ut i Gulehavet. Frå 1194 tok Huang He i nord nye elvefar, opptil fleire gonger, og rann inn i Huai He nord i Jiangsu, i staden for å følgje sitt andre og vanleg elvefar til Bohaibukta. I 1855 la Huang He att så mykje aur og slam at Huai He ikkje lengre kunne følgje sitt gamle elvefar mot havet. Huai He fløymde då over, og demde seg opp, det gjorde at innsjøane Hongze og Gaoyou vart større. Elva flaut så sørover gjennom Keisarkanalen ned i Chang Jiang. Huai He sitt gamle elvefar er i dag markert med ei rekke av irrigasjonskanalar, av desse merkar Nord-Jiangsus hovudirrigasjonskanal seg ut. Sør for det gamle elvefaret kanaliserer han ein liten del av vatnet i Huai He ut til havet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Jiangsu spenner frå den tempererte til den subtropiske klimasona, og har klart åtskilde årstider, med middeltemperaturar mellom -2 til 4°C i januar og 26 til 30 °C i juli. Det regnar jamleg om våren og sommaren; den såkalla meiyu. Tyfonar med kraftig regn kjem seint på sommaren og tidleg om hausten. Årleg nedbørsmengd er mellom 800 og 1 200mm, det meste kjem om sommaren når monsunar frå søraust bringar regnvatn innover provinsen.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Eit stort fleirtal, 99,64 %, av innbyggarane i Jiangsu er han-kinesarar. Dei største minoritetsgruppene er huifolk og mandsjuar. Om lag 47 % av befolkninga budde i byar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jiangsu har eit vidsveimt vatningssystem for landbruket. Jordbruket er basert på ris og kveite, dernest av mais og sorghum. Andre hovudavlingar er bomull, soyabønner, peanøtter, raps, sesam, hamp og te. Peparmynte, bambus, medisinske urter, eple, pærer og fersken vert også dyrka. Silkeormen er viktig for jordbruket, der Taihu-regionen i sør er ein senter i produksjonen av silke i Kina. Jiangsu er også ein viktig produsent av ferskvassfisk.

Jiangsu har førekomstar av kol, olje og naturgass, men dei viktigaste mineralske produkta er mineralske grunnstoff som halitt, svovel, fosfor og marmor. Saltgruvene i Huaiyin har meir enn 400 milliardar tonn i reservar og er eit av dei største saltleia i Kina.

Jiangsu er historisk orientert mot lettindustri som tekstilar og næringsmiddelindustri. Sidan 1949 har Jiangsu også utvikla næringar som kjemisk industri og byggevarer. Andre viktige næringar er maskinbygging, elektronikkindustri, og produksjon av kjemikaliar og bilar. Byar som Suzhou og Wuxi i sør har hatt stor nytte av dei økonomiske reformene sett i verk av Deng Xiaoping. Dei overgår provinshovudstaden Nanjing i samla produksjon.

Jiangsu er ein av dei mest velståande provinsane i Kina. Etter Guangdong har han det nest høgste bruttonasjonalproduktet. Rikdomen er geografisk ulikt fordelt, sørlege byar som Suzhou og Wuxi har eit bruttonasjonalprodukt per innbyggar rundt det doble av provinsgjennomsnittet. Primær-, sekundær-, og tertiærnæringane hadde i 2009 høvesvis 6,4%, 54,1%, og 39,5% av bruttonasjonalprodukt.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Jiangsu er delt i tretten einingar på prefekturnivå, alle byprefektur.

Kart # Namn Hanzi Hanyu Pinyin Administrasjonssete
Subprovinsiell by
1 Nanjing 南京市 Nánjīng Shì Xuanwu
byprefektur
2 Changzhou 常州市 Chángzhōu Shì Zhonglou
3 Huai'an 淮安市 Huái'ān Shì Qinghe
4 Lianyungang 连云港市 Liányúngǎng Shì Xinpu
5 Nantong 南通市 Nántōng Shì Chongchuan
6 Suqian 宿迁市 Sùqiān Shì Sucheng
7 Suzhou 苏州市 Sūzhōu Shì Jinchang
8 Taizhou 泰州市 Tàizhōu Shì Hailing
9 Wuxi 无锡市 Wúxī Shì Chong'an
10 Xuzhou 徐州市 Xúzhōu Shì Yunlong
11 Yancheng 盐城市 Yánchéng Shì Tinghu
12 Yangzhou 扬州市 Yángzhōu Shì Guangling
13 Zhenjiang 镇江市 Zhènjiāng Shì Jingkou

Dei tretten einingane på prefekturnivå er delt opp i 106 fylke; 54 distrikt, 27 byar på fylkesnivå, og 25 fylke. Desse er i sin tur delt i til saman 1 488 kommunar (1 078 bykommunar, 122 landkommunar, ein etnisk landkommune og 287 subdistrikt).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk oldtid[endre | endre wikiteksten]

I Jiangsu budde, slik kinesarane såg det, «barbariske» folk. Under Zhou-dynastiet auka kontakten mellom desse og kinesarane. Etterkvart vart staten Wu danna i det sørlege Jiangsu, som vasallstat under Zhou-dynastiet. Han var ein av mange hundre slike småstatar i dei områda som utgjer dagens nord- og sentral-Kina.

Mot slutten av vår- og haustannaltida vart Wu ein nokså mektig stat, og klarte i 484 f.Kr. å sigre over staten Qi, ein mektig stat lengre nord, i dagens Shandong. I 473 f.Kr. vart Wu underkua av staten Yue, som hadde vakse seg sterk i sør, i det som i dag er provinsen Zhejiang. Yue vart i sin tur nedkjempa av staten Chu lenger vest, i 333 f.Kr. Til slutt feia staten Qin unna alle dei attverande statane, og samla Kina som ein nasjon i 221 f.Kr. i sitt Qin-dynasti.

Under Han-dynastiet (206 f.Kr. - 220 e.Kr.) var Jiangsu-området eit utkantsområde. Området var då administrert som to zhou (provinsar); Xuzhou i nord, og Yangzhou i sør. Etter som dei nordlege nomadefolka etablerte fleire kongedømme i dei kinesiske områda nord for Jiangsu, flykta etnisk hankinesiske aristokratar sørover og konsoliderte seg i det flyktningeriket som vart det austlege Jin-dynastiet i 317, med sin hovudstad i Jiankang. Frå då og fram til 581 vart Nanjing i det sørlege Jiangsu base for i alt fire hankinesiske dynasti som stod imot dei nordlegare «barbariske» (men stendig meir sinifiserte) dynastia. Det nordlege Jiangsu fungerte som eit bufferområde mellom nord og sør. Til å begynne med var det del av dei sørlege dynastia, men då dei nordlege dynastia vart sterkare vart det omvendt.

Under Tang- og Song-dynastia[endre | endre wikiteksten]

I 581 vart Kina samla på ny, og under Tang-dynastiet (618 til 907) opplevde riket stor framgang, utan Jiangsu tok mykje del i utviklinga. Først under Song-dynastiet utvida ein marknaden og det voks fram ein sterkare, merkantil stand. Det sørlege Jiangsu framstod då som eit viktig handelsområde. Særleg dei større byane, Suzhou og Yangzhou, vart representantar på overflod og luksus.

Jursjenarane sitt Jin-dynasti tok kontroll over Nord-Kina i 1127. Elva Huai He, som då rann gjennom det nordlege Jiangsu ut i Austkinahavet, vart grense mellom nord (under Jin) og sør, under det sørlege Song-dynasti.

Under Ming- og Qing-dynastia[endre | endre wikiteksten]

Ming-dynastiet la sin hovudstad til Nanjing. Men etter at Zhu Di (Yongle-keisaren) kom til makt ved eit kupp, vart hovudstaden flytta til Beijing, langt i nord. Heile dagens Jiangsu og naboprovinsen Anhui beheldt sin særstatus som territorium direktestyrt av sentralregjeringa. Det sørlege Jiangsu heldt fram å vere eit viktig handelsområde; nokre historikarar ser på den blomstrande tekstilindustri som ei tidleg form for industrialisering, mange hundreår før den industrielle revolusjon i Europa.

Qing-dynastiet endra direktestyret ved å gjere Nanzhili om til provinsen Jiangnan. Etter kort tid, i 1666, vart provinsen delt i to; Jiangsu og Anhui. Jiangsu fekk då omtrent dei grensene provinsen har i dag. Opp gjennom det tidlege og mellomste Qing heldt framgangen fram i det sørlege Jiangsu. Etterkvart vart Shanghai den mest framskotne marknadsbyen. Vestmaktene si inntrengning under det seine Qing, frå midten av 1800-talet, vart til stor fordel for Shanghais posisjon som handelsby.

Det sørlege Jiangsu spela også ei nøkkelrolle under Taipingopprøret (1851-1864). Denne truleg verdas blodigaste borgarkrig byrja langt sør i Kina, men fleire av dei blodige slaga og massakrane fann stad i landskapa rundt Chang Jiangs nedre løp. Taipingane tok Nanjing til hovudstad i 1853, og kalla byen Tianjing (天京, «himmelsk hovudstad»).

Under republikken og folkerepublikken[endre | endre wikiteksten]

Republikken Kina vart proklamert i 1912, men landet vart rive opp av stridande krigsherrar. Ulike krigsherrar rådde over Jiangsu og delar av Jiangsu til ulike tider. I april 1927 makta Chiang Kai-shek å etablere regjeringa si i Nanjing. Deretter makta han snøgt å take kontroll over det aller meste av Kina.

Den andre sino-japanske krigen braut ut i 1937, og råka det sørlege Jiangsu hardt. Øydeleggingane var store då japanarane erobra Shanghai. Endå verre vart det då dei tok Nanjing den 13. desember 1937 . Dei neste tre månadene stod den japanske okkupasjonsstyrken for svært omfattande krigsovergrep, kalla for Nanjingmassakren. Nanjing vart deretter regjeringssete for Wang Jingwei og hans pro-japanske regjering, som styrte i det japanskokkuperte Aust-Kina fram til 2. verdskrigen slutta i 1945.

Etter verdskrigen vart Nanjing atter sete for den republikanske regjeringa. Borgarkrigen mellom nasjonalistane og kommunistane braut då ut på ny. Etter store kommunistiske sigrar nord i Mandsjuria, vart Jiangsu ein viktig krigsskodeplass. Dei avgjerande slaga under Huaihaifelttoget fan stad i det nordlege Jiangsu. Kuomintangstyrkane leid nederlag, og kommunistane vart i stand til å krysse Chang Jiang. Kuomintang flykta sørover og enda til slutt opp på Taiwan.

Etter den kommunistiske siger på fastlandet vart hovudstaden flytta til Beijing. Nanjing vart provinshovudstad for Jiangsu.

Frå tidleg i 1990-åra vart også Jiangsu omfatta av den reformpolitikken Deng Xiaoping hadde sett i verk i det sørlege i 1980-åra. Byar som Suzhou og Wuxi opplevde ein svært stor vekst. Også Nanjing fekk sterk vekst, men relativt sett mindre enn dei nemnde byane. Den verkeleg store skilnaden går mellom det rike, sørlege Jiangsu og det nordlege Jiangsu. Veksten nord i Jiangsu har vore mykje mindre enn i sør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]