Løss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Løss

Løss er ein type finkorna jord som driv med vinden. Han består ofte av kvarts, feltspat, kalk og andre mineral og inneheld normalt òg organisk material. Løsskorna er kantete og held seg difor lenge i store skråningar utan å rase ned. Små partiklar av løss kan karakteriserast som støv.

Løssjord, har som andre sediment med høgt kvartsinnhold, opphavet sitt i erosjon av den blotta underliggande berggrunnen, ofte i samband med eoliske prosessar. Dette kan til dømes skje mekanisk med hjelp av ein stor ismasse (isbre) der silten transporterast og blir avsett med hjelp av vinden, eller ved at vinden eroderer ned fjellgrunnen. Slik har til dømes løssjorda i Kina vorte til.

Løssområda kan bli fleire hundre meter tjukke, og i visse delar av verda har det vorte bygd bustader i dei.

Løss finst på mange stader i verda, først og fremst i USA, Argentina, Kina, Sentral-Europa, det sentrale Asia, men òg i mellom anna Nord-Afrika og Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!