Joseph Louis Gay-Lussac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joseph Louis Gay-Lussac
Gaylussac.jpg
Joseph Louis Gay-Lussac
Fødd 6. desember 1778
Saint-Léonard-de-Noblat
Død 9. mai 1850 (71 år)
Paris i Frankrike
Nasjonalitet Fransk
Område Kjemi
Alma mater École polytechnique
Kjend for Gay-Lussac-lova

Joseph Louis Gay-Lussac (6. desember 17789. mai 1850) var ein fransk kjemikar og fysikar.

Gay-Lussac utførte ballongferder i 1804 og 1805 i lag med Jean-Baptiste Biot for å studere jordmagnetismen og samansetnaden til lufta i ulike høgder. Han fann ut at jod er eit grunnstoff og var den første som framstelte dicyan og isolerte bor. Gay-Lussac grunnla òg titreranalysen.

Gay-Lussac oppdaga i saman med Alexander von Humboldt gassvolumlova, som var av grunnleggjande tyding for Avogadro og hypotesen hans. Han offentleggjorde dei fleste arbeida sine i Annales de chimie, som han saman med Arago var utgjevar av 1816–1840.

Han var frå 1808 professor i fysikk ved Sorbonne, og frå 1809 òg professor i kjemi ved École polytechnique. I 1832 vart han professor i allmenn kjemi ved Jardin des plantes i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]