Josiah Wedgwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også artiklane om sonen til Wedgwood, Josiah Wedgwood II) og oldebarnet Josiah Wedgwood, 1st Baron Wedgwood, med same namn.
Josiah Wedgwood

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 12. juli 1730
Burslem
Død

3. januar 1795 (64 år)
Etruria

Yrke pottemakar, gründer
Språk engelsk
Medlem av Royal Society, Lunar Society of Birmingham
Far Thomas Wedgwood III
Mor Mary Stringer
Ektefelle Sarah Wedgwood
Josiah Wedgwood på Commons

Josiah Wedgwood (12. juli 17306. januar 1795) var ein engelsk pottemakar, og det er han som plar få æra av å ha industrialisert framstillinga av keramisk gods.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barndom og tidleg vaksenliv[endre | endre wikiteksten]

Fødd som det tolvte og yngste barnet til Thomas og Mary Wedgwood, overlevde Josiah Wedgwood eit barndomsutbrot av koppar. Han byrja som lærling i pottemakarfaget hjå far sin som eigde The Churchyard Works i Burslem i Staffordshire i England. Kopparen førte til eit varig svekka kne for Josiah, noko som gjorde han ute av stand til å bruke fotpedalen på eit pottemakarhjul. Som resultat av det konsentrerte han seg frå ung alder om å formgje keramisk gods i staden for å lage det.

Då han var i sine tidlege tjueår byrja han å arbeide hjå den mest vidgjetne engelske pottemakaren på den tida, Thomas Whieldon. Der byrja han å eksperimentere med eit stort utval av keramiske teknikkar, og han byrja å sjå for seg moglegheitene av å kombinere desse eksperimenta og det han såg av tidleg industrialisering i den nærliggjande byen Manchester. Oppeldna leigde Wedgwood Ivy Works i heimbyen sin Burslem og sette i gang. I løpet av det neste tiåret endra eksperimenteringa hans (og ein ikkje liten innsprøyting av kapital frå giftemålet hans til ein rik fjern slektning, Sally Wedgwood) den søvnige handverkarverkstaden til den fyrste verkelege keramiske fabrikken.

Ekteskap og born[endre | endre wikiteksten]

Wedgwood ekta Sarah Wedgwood (ein firmenning). Saman fekk dei borna:

  • Susannah Wedgwood (1765–1817) (mor til den engelske naturforskaren og vitskapsmannen Charles Darwin)
  • John Wedgwood (1766–1844)
  • Josiah Wedgwood II (1769–1843)
  • Thomas Wedgwood (1771–1805)
  • Catherine Wedwood (1774–1823)
  • Sarah Wedgwood (1776–1856)
  • Mary Anne Wedgwood (1778–1786)

Verk[endre | endre wikiteksten]

Wedgwood-vase frå rundt 1790.

Arbeidet til Wedgwood var av svært høg kvalitet, og frå 1763 byrja han å motta ordrar frå høgst oppe i det britiske kongehuset, mellom anna frå dronning Charlotte. Wedgwood overtalte henne til å late han kalle ein serie gods ho hadde innkjøpt for «Queen's Ware», og utbasunerte dei kongelege tilknytingane på skrivepapiret og konvoluttane sine. Som ein spirande industrialist var Wedgwood ein av dei viktigaste bakmennene for The Trent and Mersey Canal mellom elva Trent og elva Mersey. Under dette arbeidet vart han ven med Erasmus Darwin.

Seinare same tiåret førte den veksande verksemda til at han flytta frå det mindre Ivy Works til det nybygde Etruria Works, som skulle kome til å vere i drift i 180 år. Fabrikken hadde fått namnet sitt frå Etruria distriktet i Italia, der svart porselen frå den etruskiske sivilisasjonens tider vart gravne ut. Wedgwood fann dette porselenet inspirerande, og fekk sin første store kommersielle suksess med sin versjon av det han kalla "Black Basalt". Ikkje lenge etter at den nye fabrikken opna førte dei vedvarande problema med det kopparangripne kneet til at han måtte amputere det høgre beinet.

I 1780 døydde forretningspartnaren hans gjennom mange år Thomas Bentley, og Wedgwood vende seg til Darwin for hjelp til å drive selskapet. Som eit resultat av dei nære sambanda som voks fram mellom Wedgwood og Darwin familiane, ville ei av Josiah's døtrer seinare gifte seg med son til Erasmus. Eit av borna frå det ekteskapet, Charles Darwin, skulle også gifte seg med ein Wedgwood, Emma, Josiah's barnebarn. Det var på mange måtar arva av Josiah's pengar som gjorde det mogleg for Charles Darwin å leve det frie livet som førte til at han kunne framsetje sin teori om evolusjonen.

Alderdom og død[endre | endre wikiteksten]

På slutten av livet var det store målet til Wedgwood å lage ein kopi av den såkalla Portlandvasen, ein blå og kvit glasvase frå det første hundreåret. Han arbeidde med det prosjektet i tre år før han til sist hadde fått laga det han meinte var ein tilfredsstillande kopi i 1789. Etter å ha overlate selskapet sitt til sønene døydde Wedgwood i 1795.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Selskapet til Wedgwood er framleis kjend for porselenet sitt i dag og «Wedgwood» er den vanleg brukte termen for hans jasper ware, det blå (eller somme gonger i andre fargar) keramiske godset med påsette dekorasjonar i kvitt, som framleis er vanleg å sjå verda over.

Teikning til Wedgwood-medaljongen mot slaveri.

Wedgwood var eit aktivt medlem i Lunar Society og er nemnd på Moonstones i Birmingham. Han var òg ein forkjempar for å få slutt på slaveriet, gjennom anna mellom å produsera ein medaljong med ein knelande slave som spurde «Er ikkje eg eit menneske og ein bror?»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]