Etruria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Området som var dekt av den etruskiske sivilisasjonen.

Etruria var ein etruskisk region i antikken i sentrale Italia, eit område som i dag er Toscana, Lazio og Umbria. I greske og latinske tekster blei Etruria referert til som Tyrrhenia (gresk Τυρρηνία).[1][2] Etruria var ein av dei viktigaste bystataneDen italienske halvøya før han fall inn under den romerske republikken på 200-talet f.Kr. Etruria var dominerande på halvøya etter 650 f.Kr. Territoria deira omfatta områda rundt elva Po, Latium, og heldt fram heilt ned til dei greske koloniane i Sør-Italia.

Etruskisk Etruria[endre | endre wikiteksten]

Oldtidsfolka i Etruria var etruskarar, og den komplekse kulturen deira var sentrert rundt talrike bystatar som hadde framgang under villanovatida på 800-talet f.Kr. og var særs mektige under dei orientaliserande arkaiske periodane.[3]

Etruskarane var ein dominerande kultur i Italia ved 650 f.Kr.[4] Dei overgjekk andre gamle italiske folk som ligurarar, og ein kan sjå innverknaden deira bortanfor grensene til Etruria i Podalen og Latium, i tillegg til i Campania og gjennom kontakten deira med dei greske koloniane i sørlege Italia, inkludert på Sicilia. Ein del etruskiske graver, slik som Tumulus di Montefortini ved Carmignano i Toscana, har fysiske bevis på handel i form av gravgods; koppar laga i fajanse er særskilde døme. Slik handel skjedde anten direkte med Egypt, eller via mellomledd som greske eller etruskiske sjøfolk.

I ein periode mellom 600 og 500 f.Kr. danna 12 etruskiske bystatar ei laus samanslutting kalla det etruskiske forbundet, eller forbundet av dei tolv statane. Etruskisk var det offisielle språket ved møta.

Roma, som var avgrensa frå Etruria av skogen Silva Ciminia, var sterkt påverka av etruskarane. Ei rekkje etruskiske kongar herska over Roma frå til 509 f.Kr. då den siste etruskiske kongen, Lucius Tarquinius Superbus, blei avsett og den romerske republikken blei skipa.[5] Etruskarane har fått æra for å ha påverka utforminga av arkitektur og rituell praksis i Roma; det var under etruskiske kongar at viktige byggverk og strukturar som Jupitertempelet, Cloaca Maxima og Via Sacra blei grunnlagde.

Romersk Etruria[endre | endre wikiteksten]

Den etruskiske sivilisasjonen var ansvarleg for at mykje av at den greske kulturen vart importert til den tidlege romerske republikken, inkludert dei tolv olympiske gudane, dyrking av oliven og druer, det latinske alfabetet, tilpassa frå det greske alfabetet, arkitektur som bogar, og sanitære system som kloakk og drenering.

Då Etruria blei erobra av den romerske republikken blei latin det offisielle språket. Etruskisk hadde påverka latin, men blei til slutt fullt erstatta av det. Den siste kjende personen som kunne lesa etruskisk var keisar Claudius (10 f.Kr.–54 e.Kr.), som sette saman ei ordliste og eit verk i tjue skriftrullar om etruskarar, Tyrrenikà. Begge desse er no tapte.[6]

I Augustus si organisering av Italia blei Etruria namnet på ein region (Regio VII), som grensa mot Tiber, Tyrrenhavet, Dei apuaniske alpane og Appenninane. Dette var omtrentleg det same området etruskisk Etruria omfatta.[7]

Etruria i moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Det klassiske namnet Etruria blei gjenoppliva tidleg på 1800-talet og nytta for kongeriket Etruria, ei kortvarig skiping av Napoléon Bonaparte i Toscana som varte frå 1801 til 1807.[8]

Byar[endre | endre wikiteksten]

Latinske og italienske namn er gjevne mellom parentesane:

  • Arritim (Arretium, Arezzo)
  • Caisra (Caere, Cerveteri)
  • Clevsin (Clusium, Chiusi)
  • Curtun (Cortonium, Cortona)
  • Felathri (Volaterrae, Volterra)
  • Fufluna (Populonium, Populonia)
  • Parusia (Perusia, Perugia)
  • Tarchna (Volscian Anxur) (Tarracina, Terracina)
  • Tarchnal (Tarquinii, Tarquinia)
  • Veii (Veii, Veio)
  • Vetluna (Vetulonium, Vetulonia)
  • Vipsul (Faesulae, Fiesole)
  • Velch (Vulci, Volci)
  • Velzna (Volsiniia, Volsinii)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tyrrhenia», Wiktionary
  2. «Tyrrhenia» Arkivert 2016-12-20 ved Wayback Machine., Mythagora
  3. Hall, John F. (1996): Etruscan Italy, «Chronology of Etruscan Italy», s. 367
  4. Rix, Helmut (2008): «Etruscan» i: The Ancient Languages of Europe, red. Roger D. Woodard. Cambridge University Press, s. 141–164.
  5. Cary, M.; Scullard, H. H., (1979): A History of Rome, 3. utg., ISBN 0-312-38395-9, s. 28.
  6. Borrowman, Shane; Lively, Robert L.; Kmetz, Marcia (2010): Rhetoric in the Rest of the West, Cambridge Scholars Publishing, s. 41
  7. Baracca, M. (1970): Atlante Storico (på latin). Novara: De Agostini. s. 15.
  8. Davies, Norman (2012): Vanished Kingdoms: The History of Half-Forgotten Europe, Penguin, kapittel 10, «Etruria: French Snake in the Tuscan Grass,(1801-1814)».

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hall, John F. (1996): Etruscan Italy: Etruscan Influences on the Civilizations of Italy from Antiquity to the Modern Era. Indiana University Press, ISBN 9780842523349.
  • Bonfante, Giuliano; Bonfante, Larissa (2003): The Etruscan Language: An Introduction. Manchester University Press. ISBN 0719055407.