Jotnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jotnar (norr.jǫtunn, ft. jǫtnar; 'etar') var i norrøn gudelære vesen som var fiendar av æser og menneske. Eit anna namn på dei er Rimtussar (Hrymþurs). Jotnane var avkjøme etter Yme og heldt til i Jotunheim. Andre former av ordet jotun er: jøtun, jøtul, jutul. Andre namn på det same er: rise, rimtuss, bergtroll. Tussane er rekna som mytologisk nærskyldte, sjølv om desse er rekna som langt mindre på storleik i nyare folkeminne. Eit jotunkvende er ofte kalla ei gyger.

Av jotnar fanst det to slag. På den eine sida er dei kaoskrefter som lyt overvinnast, medan dei og sit inne med urgamal visdom, og nokre av dei, særskild jotunkvenda, kan vera ovende fagre. Æsene og jotnane er elles i slekt, og Odin rekna morsætta si frå den gamle tusseslekta før Yme vart drepen. Mor hans var Bestla, dotter av jotunen Boltorne.

Jotnane kan syne seg i mange skap, og skifter gjerne ham. Nokre av dei er gode med seid og synkverving, som Utgardsloke.

Kjende jotnar[endre | endre wikiteksten]