Joulelovene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Joule-lovene er fysiske lover kalla opp etter den britiske fysikaren James Prescott Joule.

Varmelære[endre | endre wikiteksten]

I varmelæren blir Joulelova nytta som nemning på den lova som seier at den indre energien av ein gass er uavhengig av volumet. Joule stilte opp denne loven på grunnlag av eksperiment han hadde utført. Seinare er det vist at lova berre gjeld eksakt for ideale gassar.

Elektrisitetslære[endre | endre wikiteksten]

I elektrisitetslæra gjev Joulelova eit uttrykk for korleis elektrisk energi blir omsett til varme når det går straum gjennom ein leiar.

Q = I^2 \cdot R  \cdot t

der Q er varmen skapt av ein konstant straum I som går gjennom ein leiar med elektrisk motstand R, for ei tid t. Når straumen, motstanden og tida vert uttrykt i høvesvis ampere, ohm, og sekund er eininga for Q lik joule.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]