Sigurd Allern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sigurd Allern (fødd 5. september 1946) er ein norsk journalist, politikar og medieforskar, fødd i Sandnessjøen. Allern var ansvarleg redaktør for Klassekampen i to periodar, 1969–1972 og 1979–1995.[1] Han er mag.art. i sosiologi frå Universitetet i Oslo (1974) og dr.polit. i medievitskap frå Universitetet i Bergen (1997). I 2003 vart han den fyrste professoren i journalistikk ved Universitetet i Oslo. Sidan 2007 har han òg vore professor II ved Høgskulen i Volda, og i 2008 fekk han som fyrste nordmann eit gjesteprofessorat ved Universitetet i Stockholm.[2] Frå 2003 til 2006 arbeidde han som forskar ved Institutt for journalistikk i Fredrikstad.

Sigurd Allern vart fødd og voks opp i Sandnessjøen, som son av Edith Berg Allern og Ole Allern.[3] Han vart sidan ein sentral person i oppstarten av Arbeidernes Kommunistparti, AKP(-ml), på byrjinga av 1970-talet, og han var leiar frå 1973 til 1975. På same tid var han leiar av Raud Valallianse, som på den tida fungerte som valfronten til AKP(-ml), fordi Arbeidarpartiet og Norges Kommunistiske Parti hadde hindra AKP å stille til val i eige namn, med referanse til namnelikskapen. Tidlegare hadde han vore leiar i Sosialistisk Ungdomsforbund (1967–1968).

Sigurd Allern har også skrive fleire bøker, mellom desse Kildenes makt (1992), Når kildene byr opp til dans (1997), Flokkdyr på Løvebakken? (2001) og Nyhetsverdier (2001).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hvem er hvem?, s. 20
  2. «Sigurd Allern blir professor-sponset» av Alexander Nyhagen på VG Nett (07.03.2008)
  3. Norsk biografisk leksikon