Kütahya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 39°25′N 29°59′E
Kütahya
by
none  Kütahya klokketårn
Kütahya klokketårn
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Egearregionen
Provins Kütahya
koordinatar 39°25′N 29°59′E
Folketal 237 804
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.kutahya.bel.tr

Kütahya er ein by vest i Tyrkia med 240 000 innbyggjarar, ved elva Porsuk, 969 meter over havet. Han er administrasjonssenter i provinsen Kütahya og ligg 120 km søraust for Bursa.

Regionen har store område med slake bakkar med jordbruksland som endar opp i høge fjellryggar i nord og vest.

Det greske namnet var Kotyaion, latinisert i romartida til Cotyaeum.[1] Byen var i mellomalderen det viktigaste senteret for keramisk industri i Det osmanske riket, og har fleire moskear og andre minnesmerke frå 1400–1600-talet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kütahya has a kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsa), med kalde og snørike vintrar og varme og tørre somrar. Regn er vanlegast om våren og hausten.

Klimadata for Kütahya
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 17.2 20.6 27.0 30.2 32.5 36.2 39.9 39.2 36.1 31.0 25.4 21.7 39,9
Normal maks. temp. °C 4.6 6.5 11.1 16.2 21.3 25.4 28.5 28.8 24.8 19.0 12.4 6.2 17 07
Normal min. temp. °C -3.0 -2.4 0.2 4.2 7.9 11.2 13.6 13.5 9.4 5.9 1.7 -0.9 -3
Kulderekord °C -20.0 -21.5 -15.7 -7.8 -2.8 3.1 4.0 4.6 0.4 -5.6 -11.0 -17.6 -21,5
Nedbør (mm) 66.4 54.0 51.3 56.1 49.5 29.6 19.6 18.0 23.4 41.5 57.2 78.1
Normal mengd regndagar 14.3 12.8 12.9 13.0 11.8 7.1 4.4 3.9 4.8 8.8 10.7 14.2 118,7
Normale månadlege solskinstimar 62 86.8 142.6 174 229.4 279 310 291.4 225 151.9 102 58.9 2 113
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.newadvent.org/cathen/04422a.htm Catholic Encyclopaedia: Cotiaeum.
  2. http://www.dmi.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=KUTAHYA