Kontinentalklima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«polarklima» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå arktisk klima.
Delar av verda med kontinentalklima ifølgje Köppen

Kontinentalklima, polarklima eller innlandsklima ein type klima ein vanlegvis har i indre område av store kontinent på midlare breidder på den nordlege halvkula. Dette er klimagruppe D i Köppen si klimaklassifisering. Klimaet har vintertemperaturar som er låge nok til at ein kan ha lengre periodar med snø kvart år, og relativt lite nedbør som hovudsakleg kjem om sommaren, sjølv om austkystområde (hovudsakleg i Nord-Amerika) kan ha meir jamn nedbørsfordeling gjennom året. Berre få område i Iran nær Tyrkia, og Sentral-Asia har mest nedbør om vinteren, som vanlegvis smeltar tidleg på våren og gjev kortvarige flaumar.

Desse områda har vanlegvis skog eller sletter med høgt gras som vegetasjon, og inkluderer mange av dei mest produktive jordbruksområda i verda. Alle slike klima har minst tre månader med middeltemperaturar over 10 °C og vintrane har minst ein månad med middeltemperatur under −3 °C.

Dei fleste områda høyrer til fuktig kontinentalklima med kodane Dfa, Dwa (kalde og tørre vintrar, lange varme somrar) eller Dfb og Dwb (kalde vintrar og lange, milde somrar med anten nedbør jamnt fordel gjennom året (DfB) eller tørre vintrar (Dwb)).

Kontinentalklima er prega av kalde luftmassar om vinteren og varme luftmassar om sommaren, som oppstår på grunn av høg sol og lange dagar. Område med kontinentalklima har ein som regel anten langt frå hav, eller i kyststrøk der vinden vanlegvis bles frå land. Slike område kan få ganske høge temperaturar om sommaren, ikkje ulikt tropisk klima, men er ofte mykje kaldare enn område med andre klima på same breiddegrad om vinteren.

Subarktisk klima (Dfc) har svært kalde, lange og tørre vintrar, men med minst ein månad over 10 °C.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Ein finn ikkje denne type klima på den sørlege halvkula fordi ein ikkje har dei store landmassane her på midlare breidder. Dei sørlegaste delane av Afrika og Australia er påverka av havområda rundt, medan Sør-Amerika er for smalt til at kalde luftmassar kan bygge seg opp. Antarktis ligg sjølvsagt utanfor midlare breidder.

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)